Hopp til innhold

Ingen oskespor etter testflyging

Ryanair hevdar osketrugselen er sterkt overdreven etter at dei flaug eit testfly gjennom eit område over Skottland med store konsentrasjonar av oske.

BRITAIN-ICELAND-VOLCANO-AVIATION

Skottland er hardt råka av askeskyen, men i følge Ryanair er det liten grunn til å stenge luftrommet.

Foto: Scott Campbell / Afp

Ryanair seier dei har gjennomført den timeslange flyturen i dag tidleg. Flyet tok av frå Glasgow og flaug opp til 41 000 fot, mellom anna over Aberdeen og Edinburgh.

Dette melder den nordirske avisa Belfast Telegraph.

– Det var ingen synlege teikn til den vulkanske asken, og ei analyse av flyet i etterkant viste ingen oskespor på flymotoren eller på vingane, seier ein talskvinne frå Ryanair.

Ryanair-flyet flaug over ein såkalla «raud sone». Dei slår no fast at denne faresona er ikkje-eksisterande.

– Me har fått skriftleg melding frå våre fagfolk at det er trygt å operere i desse faresonene, og testflyginga denne morgonen stadfestar dette.

Avkreftar påstandane

Men britiske luftfartsmyndigheiter avkreftar påstandane til O’Leary. Samferdselsminister Philip Hammond seier at flyet aldri flaug inn i dei såkalla «raude sonene».

– Luftfartstilsynet kan bekrefte at Ryanair-flyet aldri flaug inn i luftrommet med oske denne morgonen, seier samferdselsminister Philip Hammond til Sky News.

Difor er han ikkje overraska over at O’Leary ikkje fekk problem med oska. Hammond er overbevist om at modellane til luftfartsmyndigheitene stemmer.

Det er mogleg for flyselskapa å utfordre denne modellbruken. Dei kan sende ei sikringssak til regulatoren med forslag om at konsentrasjonen av oske er lågare enn det modellane viser.

– Men dei må støtte det med bevis og Ryanair har ikkje gjort det, seier Hammond.

Kansellerer alle flyreiser

Ved å følgje rettleiing frå irske luftfartsmyndigheiter har Ryanair diverre sett seg nødt til å kansellere alle flyreiser til og frå skotske flyplassar resten av dagen, skriv BBC.

Totalt 252 avgangar har blitt kansellert så langt i Europa, der dei fleste er i Skottland.

SISTE NYTT

Siste nytt