NRK Meny
Normal

Ingen militære samtalar før Nord-Korea svarer

Sør-Korea har så langt ikkje høyrt noko frå Nord-Korea etter at dei oppfordra til militære samtalar. No ber dei regimet i nord svare.

Grensebyen Panmunjom

Ein nordkoreansk soldat i grensebyen Panmunjom.

Foto: Ahn Young-joon / AP

Moon Sang Gyun

Pressetalsmann Moon Sang Gyun frå Forsvarsdepartementet fredag.

Foto: Ahn Young-joon / AP

– Det hastar å redusere spenningane mellom dei to landa for å oppnå fred og stabilitet på den koreanske halvøya, seier Moon Sang-Kyun, talsmann for Sør-Koreas forsvarsdepartement, og oppfordrar nord til å svare.

Det var måndag Sør-Korea foreslo militære samtalar med Nord-Korea fredag i grensebyen Panmunjom, der avtala om våpenkvile som førte til ein reell slutt på Koreakrigen blei signert i 1953.

Forsoningslinje med ny president

Dette vil vere dei første samtalane mellom dei to landa sidan desember 2015.

Sør-Koreas president Moon Jae-In som tiltrådte i mai har hatt demping av konflikten med Nord-Korea som ein av sine kampsaker. Forgjengaren Park Geun-hye nekta dialog med nord så lenge dei ikkje forplikta seg til å kvitte seg med atomvåpen.

Nord-Korea har den siste tida sendt opp ei rekke rakettar, blant anna den første interkontinentale ballistiske misil på USAs nasjonaldag 4. juli.

Nord-Korea har heller ikkje svart på førespurnaden frå Sør-Koreas Røde Kors om eit møte 1. august for å diskutere mogleg gjenforeining for familiar som blei skilde frå kvarandre under Koreakrigen mellom 1950 til 1953.

Millionar av familiar blei skilde frå kvarandre i løpet av konflikten som førte til ei deling av halvøya. All kontakt mellom sivile over grensa er stengd forbode.

Nord-Korea risikerer matkrise

Samtidig risikerer nordkoreanarane alvorleg matmangel i det som skal vere den verste tørka sidan 2001 ifølge ein rapport frå FN.

Tørke i Nord-Korea

Nordkoreanske menn plogar ein åker langs motorvegen mellom Pyongyang og Wonsan. FN varslar om fare for matkrise etter den verste tørka sidan 2001.

Foto: Wong Maye-E / AP

Tørken har påverka avlingane og gjer matimport naudsynt. FNs organisasjon for mat og landbruk, FAO, reknar med at avlingane så langt i år er 30 prosent mindre enn på tilsvarande tidspunkt i fjor.

Dei seier at denne tørken er ekstra alvorleg fordi mengda mathjelp til landet har gått dramatisk ned dei siste åra, blant anna på grunn av sanksjonane som er innført mot landet.

På 90-talet omkom nær ein million nordkoreanarar i ei svaltkatastrofe.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt