Hopp til innhold

Ingen grunn til begeistring

Det er ikkje vanskeleg å vere pessimist i forhold til eit nytt forsøk på ein fredsprosess i Midtausten.

Ehud Olmert, George Bush og Mahmoud Abbas
Foto: LOAY ABU HAYKEL / REUTERS

Ehud Olmert

Slit på heimebane: Israels statsminister Ehud Olmert

Foto: SEBASTIAN SCHEINER / AP

Når partane i forkant av Annapolis-møtet denne veka slit i 14 dagar med å formulere ei tom erklæring og likevel må ha hjelp til teksten, er det lett å tvile og riste på hovudet.

Det står ingen ting i fråsegna om kva slags problem ein står overfor, langt mindre kva slags løysingar som må til. Det kom heller ingen ny ide ut frå Annapolis.

Ei Herkules-oppgåve

Mahmoud Abbas

Styrer bare halvdelen: President Mahmoud Abbas

Foto: Hassene Dridi / AP

Bush har rett i at oppgåva er for ein Herkules. Men ingen kan sjå Herkules i nærleiken.

Dei tre hovudaktørane står alle oppsiktsvekkande svakt på heimebane.

Israels statsminister Ehud Olmert slit med korrupsjonsgransking og ein usikker regjeringskoalisjon.

George W. Bush

Handlingslamma: George Bush

Foto: KEVIN LAMARQUE / REUTERS

Den palestinske presidenten Mahmoud Abbas styrer bare halvdelen av dei palestinske områda og den amerikanske, George W. Bush, er stempla som den mest handlingslamma av alle handlingslamma presidentar.

Det partane blei einig om i Annapolis, var å blåse støvet av vegkartet for Midtausten.

Må få opinionen med seg

Mahmoud Ahmadinejad

Arrangerer anti-toppmøte: Irans president Mahmoud Ahmadinejad

Foto: Stephen Chernin / AP

Det krev tillitsbyggande tiltak frå begge sider, som å stanse nybygginga i dei okkuperte områda og å stanse dei palestinske åtaka på Israel.

Først når det er under kontroll, er det grunnlag for å snakke om dei vanskelege tinga: Den palestinske staten, Jerusalem, flyktningane. 

Ehud Olmert har alt gitt seg i kast med den pedagogiske delen av oppgåva si: Å få opinionen i Israel til å ta realitetane inn over seg, overtyde dei om at Israel er fortapt om ikkje fredsprosessen fører fram, at palestinarane har rett til sitt eige land og at nybyggarane på Vestbreidda må evakuerast.

Olmert vekte oppsikt i Annapolis ved å snakke om den palestinske lidinga. Til israelsk statsminister å vere tok han eit langt steg, som det blei sagt, med tanke på at Golda Meir ikkje ein gong ville snakke om eit palestinsk folk.

Den kompliserte oppgåva til Olmert kan også illustrerast ved at Knesset same dagen som han var i Annapolis, arbeidde med eit lovforslag som skal hindre at Jerusalem blir delt.

Bush drog heim

George W. Bush på si side har skapt uvisse om sitt engasjement etter at han tok det lovande initiativet.

Han helsa 44 land velkomne til marinebasen i Maryland med store ord om fred og forsoning. Da hadde han også tatt på seg eit kraftig ansvar ved nærast å parkere på sidelinja dei andre tre i Midtaustenkvartetten - Russland, EU og FN.

Men all erfaring seier at slikt fredsarbeid krev stor personleg innsats og oppfølging av tilretteleggaren.

Også Bill Clinton kasta seg over Midtausten da det leid mot slutten av presidenttida.

Men der Clinton sette seg ned med Ehud Barak og Yassir Arafat i fleire dagar og fekk dei til å anstrenge seg, drog Bush heim etter tre timar.

Han har ingen plan om å besøke Midtausten og har overlate grovarbeidet framover til utanriksminister Condoleezza Rice. Ikkje var han betre budd heller enn at han uttalte namnet på den palestinske presidenten feil.

Ventar på neste trekk

Bush står i fare for å bli dømt av historien for krigen sin i Irak. Nå vil han i staden prøve å skape historie ved å få til ein fredsavtale som ingen før han har greidd.

Men Bush har truleg eit motiv til: Å isolere Iran.

Han har innsett at den israelsk-palestinske konflikten er kjerneemnet i Midtausten. Og han spelar på at dei arabiske landa i regionen er redd stormaktsambisjonane til Iran. Han fekk Saudi-Arabia til Annapolis av den grunnen. 

Men arabarane er framleis i stuss over det dei kallar "den amerikanske oppvakinga".

Dei arabiske leiarane som var i Annapolis, ventar spent på neste trekk frå Bush. Uroa deira er at det skal spreie seg eit inntrykk av at palestinarane ikkje har oppnådd noe.

For det vil styrke militante grupper som Hamas og Hizbollah og støttekontakten deira, Iran, som alt har dømt prosessen som mislykka, og som planlegg sitt eige antitoppmøte for dei som ikkje var i Annapolis.

Det finnst mange argument for pessimisme etter Annapolis. Verst er det om Midtausten igjen skal fatte håp og oppleve enda ein fiasko. Det er det bare ekstremistane som tener på.

Men ille er det også om dei som har etterlyst fredsprosessen så lenge, nå skal klage over at det blir gjort eit forsøk.

SISTE NYTT

Siste nytt