Hopp til innhold

Ingen brexit-avtale i dag

Storbritannia og EU er ikkje einige om ein Brexit-avtale etter møta måndag. Det seier EU-kommisjonens president Jean-Claude Juncker og den britiske statsministeren, Theresa May. Dei vil forhandle vidare seinare denne veka.

Belgium Europe Brexit

Statsministeren i Storbritannia, Theresa May, saman med EU-kommisjonens president Jean-Claude Juncker i Brussel måndag.

Foto: Virginia Mayo / AP

Theresa May hadde med seg brexitminister David Davis då ho kom til EU-hovudstaden Brussel. Møta med leiinga i EU måndag er blitt sett på som heilt avgjerande for ein framtidig avtale om å forlate EU.

May gjekk rett i møte med EU-kommisjonens president Jean-Claude Juncker og EU sin sjefforhandlar, Michel Barnier.

Philip lote raporterer om Brexit-forhandlinger Brussel

– Eit par-tre uløyste spørsmål

– Det har vore framgang i forhandlingane, men vi har ingen avtale enno, sa Juncker då han møtte pressa saman med Theresa May måndag ettermiddag.

Han sa at det framleis er eit par-tre spørsmål som er uløyste, og at han har tru på at dei skal bli samde seinare i veka.

– Dette er ikkje eit nederlag, la han til.

Målet er å avklare det som er nødvendig å avklare i god tid før EU-toppmøtet 15. desember.

  • Podkasten «Krig og fred» om brexit:

Theresa May sa at ho var overbevist om at Storbritannia og EU skal komme fram til ein avtale.

BRITAIN-EU/

Statsminister Theresa May og EU-president Donald Tusk før dei gjekk i møte i Brussel måndag ettermiddag.

Foto: FRANCOIS LENOIR / Reuters

– Konstruktivt møte

– Som Juncker sa, har vi hatt eit konstruktivt møte i dag. Begge partar har jobba hardt, sa May på pressekonferansen.

– Vi vil halde fram med forhandlingane seinare i veka. Eg har tru på at vi skal klare dette saman, la ho til.

Seinare måndag møtte Theresa May EU-president Donald Tusk.

– Tidsmarginane for ein brexitavtale begynner å bli veldig små no, men det er framleis mogeleg å få til ein avtale neste veke, sa Tusk etter møtet.

Laster Twitter-innhold
EU-toppmøtet i dag og i morgen gjør opp status for fire måneder med forhandlinger, mens kaos preger den britiske regjeringen.

SISTE NYTT

Siste nytt