Hopp til innhold

Stockholms-politiet utan spor etter dobbeltdrap

Politiet i Stockholm jaktar på minst to personar som skaut og drap to menneske inne i ein kafe i innvandrarbydelen Rinkeby i Stockholm seint i går kveld. Dei veit ikkje kva miljø dei skal leite i.

Dobbeltdrap i Stockholm.

Det var ampert på staden etter dobbeltdrapet i Stockholm i går kveld.

Foto: Claudio Bresciani/TT / NTB scanpix

Politiet opplyser at dei drepne ikkje er identifiserte, men SVT melder at det er snakk om to brør. I tillegg er ein tredje person sendt til sjukehus med mindre skadar. Fleire hundre personar var samla på staden, og då politiet kom til staden etter skytinga vart det kasta gjenstandar mot dei.

Situasjonen roa seg ned utover natta. Det var mange ungdomar i området, men også mange kvinner, seier ein fotograf frå Tidningarnas Telegrambyrå (TT).

Maskerte personar

Dobbeltdrap i Stockholm.

Væpna politifolk utanfor kafeen der to brør vart skotne og drepne i Rinkeby i Stockholm fredag kveld.

Foto: Claudio Bresciani/TT / NTB scanpix

Vitne fortel at to eller tre maskerte personar i 20-25-årsalderen kom inn på kafeen og skaut dei to brørne, som sat ved same bordet. Dei brukte både maskingevær og pistol. Deretter forsvann angriparane i ein kvit bil.

Aftonbladet melder at politiet jaktar på fire personar, medan andre kjelder seier det er snakk om to eller tre.

Talsmann for Stockholmspolitiet, Mats Eriksson, seier at dei i løpet av natta har avhøyrt fleire personar, gjort tekniske undersøkingar og starta det dei kallar indre spaning. Han stadfestar at dei jaktar på minst to gjerningspersonar.

Han seier at dei jobbar etter fleire teoriar om kva som har skjedd, og at dei ikkje vil låse seg til eitt spor. I dag er det mange politifolk på staden. Dei snakkar med vitne og gjer tekniske undersøkingar.

Politiet ber også alle som kan ha opplysningar om det som har skjedd om å melde seg.

Intervju med Mads Eriksson i Stockholmspolisen.

VIDEO: – Ingen spor etter mistenkte

Reportasje fra SVT.

VIDEO: Stor politijakt etter dobbeltdrap.

Svensk politi: – Vi er i ferd med å miste kontrollen

– Kvinner i flere svenske bydeler tør ikke å gå ute om kvelden

NRK-team truet og kastet stein etter i Sverige

Oppvaskrommet

Alarmen hos politiet gjekk til 21.49 i går kveld om at det var skyting på ein kafe i Rinkebystråket. Avisa Aftonbladet har snakka med kafeeigaren, og han fortel at dei to brørne prøvde å gøyme seg for angriparane ved å springe inn på oppvaskrommet.

– Dei vart funne inne på oppvaskrommet, seier eigaren til avisa.

Området der dobbeltdrapet skjedde består av butikkar, restaurantar og kafear.

Vitne fortel at det i ein periode var ei opphissa stemning i området ved drapsstaden, og at det vart kasta gjenstandar mot politiet. Expressen melder at det blei kasta steinar mot politiet. Fleire personar tok seg gjennom sperringane til politiet, men det roa seg ned etter kvart.

Politiet sende ut ei melding ved 23-tida om det då var roleg i området.

– Mange gode krefter

Kafeen der drapa skjedde har halde stengt i dag, men på døra står ein lapp med teksten «tankane våre går til dei to mennene som døydde og familiane deira»

Utanfor har politiet sett opp sperreband, men ein kan tydeleg sjå kulehol i eitt av vindauga. Politiet opplyser at dei samarbeider med vektarar, med religiøse samfunn og offentlege kontor i området i håp om å finne ut kva som skjedde seint i går kveld.

– Det finst mange gode krefter her. No prøver vi å få menneske til å fortelje ting som kan vere av interesse, seier polititalsmann Mats Eriksson.

Saka blir oppdatert

Dobbeltdrap i Stockholm.

Politiet i Stockholm rykte ut til Rinkeby like før klokka 22 i går kveld.

Foto: Claudio Bresciani/TT / NTB scanpix

SISTE NYTT

Siste nytt