Hopp til innhold

Indonesias president mot valsiger

President Susilo Bambang Yudhoyono ligg an til ein overlegen siger i presidentvalet i Indonesia. Dermed kan han få frie taumar til å drive fram økonomiske reformer.

President Susilo Bambang Yudhoyono
Foto: SUPRI / REUTERS

I ein valdagsmåling utført for MetroTV, ligg Yudhoyono an til å få rundt 60 prosent av stemmene.

Også ein prognose basert på resultat frå eit utval av vallokala tyder på at presidenten får over halvparten av stemmene. Prognosen gjev Yudhoyono 52,7 prosent, mot 25,92 prosent til visepresident Yusuf Kalla.

For å unngå ein andre valrunde må han sikre seg minst 50 prosent av stemmene, men også minst 20 prosent i halvparten av dei 33 provinsane i landet. Valdagsmålinga til MetroTV viste at Yudhoyono ligg an til å sanke meir enn 20 prosent i minst 24 provinsar.

– Eg vil takke det indonesiske folk for at de gav sine stemmer i dag, sa han etter å sett prognosen.

Ny stabilitet

Valet i dag er det andre direktevalet på president i Indonesia, og resultatet vil få mykje å seie for reformprosessen og overgangen til demokrati.

Etter 32 år med diktatur under Suharto har Indonesia opplevd ny stabilitet, sjølv om korrupsjon og stor fattigdom pregar landet.

Økonomien i den mest folkerike muslimske staten i verda hadde i 2008 ein vekst på 6,1 prosent. Dette vil truleg gå noko tilbake som følgje av finanskrisa.

59 år gamle Yudhoyono, som av indonesiarane blir kalla SBY, har hatt ei stabil leiing på meiningsmålingane gjennom heile valkampen. No ser det altså ut til at han vil få fram nye år til å gjennomføre reformer i den største økonomien i Søraust-Asia.

Marknadane håpar på omorganiseringar i det offentlege som vil fjerne hindringar for utanlandske investeringar. Det er også håp om at etterlengta oppgraderingar av hamner og veger kan komme i gang, og at arbeidet mot korrupsjon vil halde fram.

– Mest kompetent

– Eg kjem til å stemme på SBY på grunn av den nasjonale agendaen hans. Han er den mest kompetente, fastslo veljaren Andreas Pigai då han stemte i Puncak Jaya i Papua-regionen.

Andre fortalde at innsatsen til presidenten for dei fattige i landet er årsak til at han får deira stemme. Yudhoyono har blant anna kutta i prisane på drivstoff, som allereie er sterkt subsidiert av indonesiske styresmakter.

– SBY har eit program som hjelp vanlege folk, for eksempel gratis helsetenester, seier David Talenggen.

Yudhoyonos motstandarar, tidlegare president Megawati Sukarnoputri og visepresident Jusuf Kalla, har i valkampen prøvd å spele på nasjonalisme, samtidig som dei har karakterisert presidenten som ein nyliberalist.

Auka tryggleik

I den urolege og avsidesliggande Papua-regionen, som ligger to tidssoner øst for hovudstaden Jakarta, blei det meldt om ro og orden då stemmelokala opna.

Under valet på ny nasjonalforsamling i april blei det meldt om uro fleire stader i den ressursrike regionen. Tryggleiken var av den grunn trappa kraftig no.

Til saman 176 millionar indonesiarar hadde stemmerett ved valet i landet som er verdens tredje største demokrati.

Les: Meir om Indonesia

SISTE NYTT

Siste nytt