Hopp til innhold

Imran Khan leiar valet i Pakistan

Dei førebels resultata torsdag morgon viser at det er svært tett mellom dei to statsministerkandidatane Imran Khan og Shehbaz Sharif i Pakistan. Dei endelege resultata er truleg ikkje klare før i kveld.

PAKISTAN/ Imran Khan, Pakistani cricketer-turned-politician, Chairman of PTI waves to his supporters during a rally in Lahore

Dei første prognosane viser at Imran Khan og paritet PTI ligg an til å få flest seter i det pakistanske parlamentet. Men ingen av statsministerkandidatane klarer å skaffe seg reint fleirtal aleine.

Foto: MOHSIN RAZA / Reuters

47 prosent av stemmene er no talt opp, men ingen av kandidatane har gitt nokon offentleg kommetar. Ifølgje Reuters er stemmeopptellinga forsinka grunna teknisk trøbbel, og stemmene blir no telt manuelt.

Uro på valdagen

Minst 31 personar miste livet onsdag morgon då ein sjølvmordsbombar prøvde å ta seg inn i eit vallokale i Quetta i Pakistan. Terrorgruppa IS har teke på seg skulda for åtaket. Men hendinga skremte ikkje folk frå å stemme. Førebelse tal viser at over halvparten av dei 106 millionar med stemmerett i landet, har stemt.

Det er svært tett mellom partiet til den tidlegare cricketspelaren Imran Khan, PTI, og regjeringspartiet PML (N), som blir leia av forretningsmannen Shehbaz Sharif. Det tredje største partiet er PPP, som blir leia Bilawal Bhutto, sonen til tidlegare statsminister Benazir Bhutto, som blei drepen i eit attentat då ho dreiv valkamp i 2007.

Dei første valprognosane viser at Khan har eit overtak, men ikkje nok til å kunne ta makta aleine. Uansett kven som blir statsminister, må partiet søke støtte frå andre for å danne ei koalisjonsregjering.

Men regjeringspartiet PML (N) tek allereie atterhald om resultatet. Ei talskvinne seier til Reuters at dei har fått rapportar om at soldatar har kasta ut kontrollørar frå dei politiske partia under opptellinga.

Reporter Iram Ansari forteller hva som skjer dersom ingen av partiene får et rent flertall.

Mektige generalar

Regjeringspartiet PML (N) kan vise til sterk økonomisk vekst, medan PTI har lova å trappe opp kampen mot korrupsjon, og hjelpe dei fattige.

Men regjeringspartiet har fått eit korrupsjonsstempel etter at den tidlegare leiaren, Nawas Sharif, blei dømd for korrupsjon. Samtidig blir Khan skulda for å ha dei mektige generalane i landet i ryggen.

Pervez Musharraf

Det militære i Pakistan har blanda seg inn i pakistansk politikk. Tre gongar har dei teke makta ved kupp. I 1999 tok general Pervez Musharraf makta og utnemnde seg sjølv til president i 2001.

Foto: Ap

Heilt sidan Pakistan blei eigen stat i 1947 har militære påverka og blanda seg inn i politikken i landet. Dei ønsker seg ein kandidat som dei kan leve med, og som kan gi dei gode vilkår og innverknad på viktige spørsmål som krigen mot terror og konflikten med nabolandet India.

Fryktar for pressefridomen

Imran Khan var i si tid kaptein på cricketlandslaget. Og for mange representerer han også noko nytt i pakistansk politikk, seier TV2-journalist Kadafi Zaman.

Kadafi Zaman arrestert i Pakistan

TV2-journalist Kadafi Zaman er spent på kva valresultatet vil få å seie for menneskerettar og pressefridom i Pakistan.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Dersom Khan skulle bli statsminister, får Pakistan eit nytt ansikt som ikkje har fått prøve seg i den rolla før. Pakistansk politikk har lenge vore dominert av Sharif-familien og Bhutto-familien. Og det er noko ein grunn til at Imran har fått god oppslutning, spesielt blant dei yngre veljarane.

Zaman var i Pakistan for å dekke valet for TV2 då han blei arrestert under eit valkamparrangement for PML (N) nyleg. Han meiner pressefridomen kan kome under press om Khan kjem til makta.

– Situasjonen for menneskerettar og pressefridom i Pakistan er ekstrem. Det har den skitne valkampen vist. Uavhengige organisasjonar har vist korleis pressa har blitt hindra frå å rapportere om valkampen til andre enn Khan. Dei uavhengige TV-kanalane har hatt svarte skjermar og dei uavhengige avisene har ikkje fått distribusjon. Sånn sett ser det dystert ut.

Det endelege resultatet av valet i Pakistan blir truleg tidlegast klart torsdag.

SISTE NYTT

Siste nytt