Hopp til innhold

IMF-økonom seier opp i protest

Ein sentral økonom i Det internasjonale pengefondet (IMF) seier opp og rettar skarp kritikk mot pengefondet sin innsats i samband med finanskrisa og gjeldskrisa i eurosonen.

Peter Doyle (t.v)

Peter Doyle (til venstre) seier opp i IMF i protest. her saman med finansminister i Israel, Yuval Steinitz, og sjef for Bank of Israel Stanley Fischer.

Foto: RONEN ZVULUN / Reuters

I eit brev til styret i IMF datert 18. juni seier Peter Doyle opp jobben som divisjonssjef for Sverige, Danmark og Israel i Europa-avdelinga i IMF.

Han rettar samtidig skarp kritikk mot at IMF ikkje sendte ut åtvaringar i tide verken i samband med finanskrisa i 2007 - 2009 eller krisa i eurosona.

– Alltid i siste liten

Han meiner at IMF svikta og at fondet under eurokrisa har vore prega av å ha komt med løysingar i siste liten for å redde eurosona frå samanbrot.

Andre anonyme kjelder i IMF seier til Reuters at det er bekymring for at IMF strekker seg for langt i iveren etter å låne ut pengar til kriseråka europeiske land, og at fondet ikkje utøvar den same uavhengige stillinga som det normalt har overfor land i andre verdsdelar.

– Katastrofale val av leiarar

Doyle har arbeidd for IMF i 20 år. I brevet skriv han også at vala av IMF-leiarar det siste tiåret har vore «heilt openbert katastrofale».

IMF blir i dag leidd av franske Christine Lagarde, som avløyste den no skandaleomsuste Dominique Strauss-Kahn.

LES: Strauss-Kahn siktet for å ha vært involvert i prostitusjonsring

LES: Strauss-Kahn legg skulda på Sarkozy og venene hans

Tradisjonelt har leiaren for IMF vore henta frå eit europeisk land, medan leiaren for Verdsbanken har vore amerikansk.

Andre land som India, Brasil og Kina, har i stadig større grad stilt spørsmål med måten leiarane blir rekrutterte på.

Doyle meiner at valet av leiarar manglar legitimitet, og om Lagarde skriv han;

«Sjølv den noverande leiaren er besudla, ettersom verken kjønnet, integriteten eller stilen og styrken hennar kan dekke over for den grunnleggande illegitimiteten ved utvelgingsprosessen,» heiter det i oppsigelsesbrevet til Doyle.

SISTE NYTT

Siste meldinger