Enka etter den avsette presidenten Ferdinand Marcos, Imelda Marcos, er kanskje mest kjend for si enorme samling av sko. Men no viser det seg at ho også hadde eie smykkesamling til ein verdi av over 60 millionar kroner.
Denne parasollen og kjolen som har tilhøyrt Imelda Marcos skal også seljast. (Foto: AP/Scanpix)
Ho fekk ikkje med seg smykkesamlinga si då Ferdinand Marcos vart avsettt i 1986. No seier dei noverande styresmaktene på Fillippinane at dei vil selje smykkesamlinga, for å få igjen noko av det det tidlegare presidentparet kosta landet.
Dette får Imelda Marcos, som no har flytta tilbake til Filippinane frå USA, til å sjå raudt. Ho nektar for at ho har skaffa smykkesamlinga på ulovleg måte.
- Smykka mine har eg fått på ærleg vis. Dei er ikkje kjøpte med stolne pengar, eg har heller ikkje stole smykka frå det filippinske folk. Det ville ha vore forferdeleg, og det er ikkje tilfelle, seier Imelda Marcos i eit intervju med Sky News som blir sendt i dag.
I eit intervju med AFP sist månad sa ho at mange av smykka var arvestykke frå familien. Ho sa også at ho aldri nokon gong er dømt for korrupsjon.
Det er først og fremst skosamlinga Imelda Marcos er kjend for. (Foto: AP/Scanpix)
Dei noverande styresmaktene seier at smykkesamlinga er kjøpt med pengar som tilhøyrte dei statlege reservane.
Ho har no gått til retten for å få stanse auksjonen av smykkesamlinga.