Hopp til innhold

Ikonisk tunnel-tre knekt av stormen

Uveret som har herja i det nordlege California dei siste dagane, tok knekken på det vidgjetne tunnel-treet Pioneer Cabin Tree.

Pioneer Cabin tunneltre

Det ikoniske treet før og etter stormen.

Foto: AP/NTB scanpix

Sequoia-treet skal vere over 1000 år gammalt, og har vore ein av dei store attraksjonane i Calaveras Big Trees State Park nær Arnold i den californiske delen av Sierra Nevada. Å køyre gjennom tunneltreet med bil var eit svært populært fotomotiv, og mange norske turistar har også foreviga det gigantiske treet opp gjennom åra.

Dei siste åra har treet vore noko vindskeivt, men det kom likevel som ei overrasking på leiinga i nasjonalparken at det skulle kollapse no.

Kraftig vind og store nedbørsmengder har ført til flaum fleire stader i det nordlege California, blant anna i Russian River.

California har vore ramma av tørke dei siste seks åra, så nedbøren kjem godt med.

SISTE NYTT

Siste nytt