Hopp til innhold

Andhøy er i god behald, tre framleis sakna

Kaptein Jarle Andhøy på skuta «Berserk» ringde sjølv Hovudredningssentralen i Bodø.

Funn av tom redningsflåte "Steve Irwin"

Mannskapet på 'Steve Irwin' fann ein tom redningslfåte på havet i dag.

Foto: Barbara Veiga

Jarle Andhøy

Kaptein Jarle Andhøy og ein til frå mannskapet har vore på polpunktet med ATV-ar.

Foto: Arne Raanaas / NRK

– Klokka 0130 ringde Jarle Andhøy hit til Hovudredningssentralen i Bodø og sa at han og ein frå mannskapet er 100 miles frå Scott-basen. Han kunne fortelje at de er i god form, men at det er mykje vind i området, seier redningsleiar Finn Tore Sortland ved Hovudredningssentralen i Nord-Noreg.

Betyr det at tre framleis er sakna?

–Det stemmer at det er tre igjen på «Berserk» og det er dei vi no leitar etter. Andøy fortalde at det var nokre dagar sidan han hadde vore i kontakt med mannskapet på båten, seier Sortland.

Video Leteaksjon etter "Berserk"

VIDEO: Sjå innslaget i Kveldsnytt.

I går søkte båtar og helikopter i tre timar etter den sakna norske seglbåten «Berserk» i Sørishavet, men det er enno ikkje funne spor etter fartøyet. Ein åttedel av området er gjennomsøkt.

Det er eit helikopter frå Sea Sheperd-fartøyet «Steve Irwin» som er i lufta for å leite etter den sakna norske båten. Det er fine leiteforhold i området med god sikt og ikkje så sterk vind.

Vi har søkt gjennom rundt ein åttandedel av området

Mal Holland

Søk nummer to

Navigasjonsoffiser om bord på «Steve Irwin», Mal Holland, seier til NRK ved 23-tida i kveld at helikopteret er i ferd med å fylle drivstoff for å gjere klar til eit søk nummer to. Då var klokka 11 på føremiddagen der nede.

Holland fortel at dei konsentrerer seg om å leite på sjøen og langs strendene, og at helikopteret ikkje har leitt etter dei to som kan vere på land.

- Både vi og den newzealandske redningstenesta har prøvd å kome i kontakt med «Berserk» via radio, men utan å lukkast, seier han.

Berserk

Det er ikkje funne spor etter den sakna norske siglbåten 'Berserk'.

Foto: wildvikings

- Ja, vi har håp om å finne mannskapet på "Berserk" i live.

Mal Holland

Han har framleis tru på at dei kan finne "Berserk"-mannskapet i live. Han kan fortelje om svært gode leiteforhold i området. No får dei også hjelp frå eit russisk skip.

Berserk på en tidligere ekspedisjon

'Berserk' på ein tidlegare ekspedisjon.

Foto: wildvikings.com

Kommunikasjonsoffiser om bord i «Steve Irwin», Nuno Ramos, kunne tidlegare i kveld ikkje seie noko om kor lenge dei vil halde fram søket. Då var skipet 35 nautiske mil unna staden der «Berserk» sende ut naudsignal tidleg i går.

Hjelp frå russisk fartøy

Ved Hovudredningssentralen for Nord-Noreg blir det ved 00.30-tida i kveld opplyst at eit russisk fartøy, «Professir Kronov» er på veg inn i leiteområdet for å delta i søket. Men dette skipet har ikkje helikopter om bord.

Hovudredningssentralen for Nord-Noreg var sist i kontakt med redningssentralen på New Zealand like før klokka 23 i kveld. Rapporten var negativ, altså var det ikkje registrert spor etter «Berserk».

«Berserk» har eit mannskap på fem menn, der fire av dei er norske. Den femte skal vere frå Sør-Afrika. Kaptein Jarle Andhøy og ein til frå mannskapet skal ha vore på retur frå polpunktet med ATV-ar, firehjuls terrengkjøyretøy.

LES OGSÅ: Håpar "Berserk" har tekniske feil

LES OGSÅ: - Ingen kjenner Berserk som Jarle

Marinefartøy måtte snu

I går gjorde det newzealandske marinefartøyet «Wellington» eit forsøk på å nå fram til området, men måtte gjere vendereis på grunn av dårleg ver. Det var vind opp til 80 knops styrke der i går.

Det var klokka 05.22 tysdag morgon at Hovudredningssentralen for Nord-Noreg i Bodø fanga opp ei melding frå naudpeilesendaren frå den norske siglbåten. Signala vart lokaliserte til Rosshavet, 18 nautiske mil (33 kilometer) nord for Scott-basen i Antaktis. Meldinga gjekk også til redningssentralen i New Zealand.

LES OGSÅ: – «Berserk» søkte ikke om tillatelse til å gå inn i Antarktis

LES OGSÅ: Samuel (18) savnet i Sørishavet

Leteaksjon etter "Berserk" i Sørishavet
Foto: NRK

SISTE NYTT

Siste nytt