Hopp til innhold

Ikkje sentrum-venstre i Nederland

Forhandlingane om å danne ei sentrum/venstre-regjering i Nederland braut saman i dag, seks veker etter parlamentsvalet i landet.

Mark Rutte, leder for VVD i Nederland

Mark Rutte er leiar for det liberale partiet VVD.

Foto: Evert-Jan Daniels / Ap

- Samtalane braut saman på grunn av usemje om den økonomiske politikken, seier partileiar Mark Rutte i det liberale partiet VVD, som også er det største partiet i den nye nasjonalforsamlinga.

Partane vil no levere ein rapport om forhandlingane til dronning Beatrix.

Mark Rutte i VVD har sagt at han no vil prøve å få til regjering saman med to andre parti, det sosialdemokratiske PvdA og det liberale CDA.

Tidlegare har Rutte gitt opp eit forsøk på å danne regjering saman med CDA og det islamfiendtlege partiet PVV, som blir leidd av kontroversielle Gert Wilders.

LES OGSÅ: De liberale i tet i Nederland

LES OGSÅ: Klart for ny regjering i Nederland

LES OGSÅ: 12 millioner til valg om innvandring og økonomi i Nederland

LES OGSÅ: Nederland velger hard lut

SISTE NYTT

Siste nytt