Hopp til innhold

Ikkje lenger seier i Irak

Det er verdt å merke seg at president Bush ikkje lenger snakkar om seier i Irak, skriv utenriksredaktør i NRK, Gunnar Myklebust.

David Petraeus, George W. Bush, William Fallon
Foto: Charles Dharapak / AP

Kommentar: Gunnar Myklebust
Foto: NRK

Gjennom fire års krigføring har han alltid vektlagt ordet "seier" når han har snakka om kva veg det ber i Irak. Nå har han gått over til å snakke om "suksess".

Det er litt meir tvetydig og fortel at til og med Bush evnar å ta realitetar inn over seg. Kanskje innser presidenten i sitt stille sinn at det beste han kan håpe på er å nå eit punkt i Irak der eit minimum av ettermælet hans kan reddast, og så la andre ta oppvasken.

Kraftig upopulær

Å finne det minimumspunktet blir ikkje lett. Både krigen og Bush er kraftig upopulær blant amerikanarane, og det er ikkje tilfeldig at forsøket presidenten har gjort på å kome på offensiven i Irakdebatten den siste veka, er lagt til dagane rundt 11. september.

Først eit overraskande besøk i Irak der bilda av ein smilande Bush saman med sunnimuslimar i Anbarprovinsen skal vise at det er lys i enden av tunnelen. Deretter ein lett sminka rapport frå USAs øvstkommanderande. Og til slutt Bush sin eigen tale til folket natt til i går.

Amerikanske soldater i Irak

Amerikanske soldater i Irak.

Foto: DAVID FURST / AFP

Bodskapen: Det skjer positive ting i Irak, små steg, men i rett retning. Og gløym ikkje at dette er kampen mot verdsterroren, og at al Qaida står klar til å ta over om vi sviktar Irak.

Bush les ikkje avisa

For å kompensere for den tilliten han sjølv manglar i folket, har president Bush bevisst skuva general Petraeus framfor seg. Bush har forstått at generalen er ein ypperleg frontsoldat også på heimebane og har prøvt å bygge opp bildet av at dette er Petraeus sin krig og Petraeus sin strategi, og at han sjølv bare følgjer generalens råd.

Bush les jo ikkje avisa New York Times, men noen må ha fortalt han om meiningsmålinga der nyleg. Den viser at bare fem prosent av amerikanarane meiner presidenten er den beste til å føre denne krigen, mens nesten 70 prosten trur på dei fagmilitære.

Bush har gitt Petraeus ei håplaus oppgåve, seier presidentkandidat Barack Obama, nemleg å finne ut korleis han skal greie å smøre leppestift på ein gris!

Tilbake til normalen

Anbarprovinsen kom som eit lykketreff på Bushfolka, men har bare lite med talet på soldatar å gjøre. Sunniane i Anbar fann at dei hatar al Qaida meir enn dei hatar amerikanarane og valte derfor å alliere seg med den minste av dei to vonde for å bli kvitt den største.

Derfor kunne Bush seie at det er blitt betre i Irak. Og derfor redusere styrken, som han seier.

Faktum er at han neste sommar har like mange soldatar i Irak som han hadde i fjor sommar. Han sendte 30.000 ekstra i vår og varslar at oppimot 30.000 snart skal heim. Han går altså tilbake til normalnivå. Å kalle det ein reduksjon, er som først å sette opp prisen på ei vare og så sette den ned igjen og hevde at vara er blitt billigare.

Situasjonen forverret

Styrkeauken skulle gi dei politiske leiarane i Irak pusterom til å bygge landet. Men den politiske situasjonen er bare blitt verre. Sentralmakta greier ikkje å feste grep, har ikkje fått sving på politi- eller hærstyrken, og heller ikkje kome noen veg i spørsmålet om fordelinga av oljerikdommen.

To av tre irakarar seier at stoda i landet er blitt verre det siste halvåret.

Men Bush kan vise til at dei amerikanske tapa har gått ned. I mai mista 120 amerikanske soldatar livet, i august var det 56. Han vil også hevde at dei sivile tapa er redusert. Mens det irakiske innanriksdepartementet t.d. har registrert 428 drepne sivile i hovudstaden Bagdad sist månad, seier amerikanarane at det bare var 165.

Men amerikanarane fører ein sær statistikk: Dersom offeret er skote i hovudet bakfrå, blir det rekna som sekterisk vald. Men dersom kuleholet i skallen er i panna, er det sett på som kriminalitet - og blir ikkje rekna med.

Kva er målet til USA sin krig?

Det er framleis grunn til å spørre kva målet er med USAs krig i Irak. Om Bush i det heile tatt har eit mål. Fleire og fleire hellar til oppfatninga at det nå bare dreier seg om å kjøpe tid.

I mars ba presidenten om eit halvt år og sa "gi oss tida fram til september, det blir avgjørande". Nå ber han om tid fram til mars igjen, det neste halvåret blir avgjørande. Og slik kan han halde fram til han er ute av Det kvite hus om halvtanna år, og heile hengemyra kan overlatast til nestemann i Det kvite hus.

SISTE NYTT

Siste nytt