Hopp til innhold

Ikea-drapa: Gjerningsmannen var ikkje sjuk

Den 36 år gamle mannen som har vedgått drapa på ei 55 år gammal kvinne og hennar 28 år gamle son på Ikea i Västerås, var tilrekneleg då han drap, ifølgje dei sakkunnige.

Drap på Ikea i Västerås

To menneske var tilfeldige offer, fortel 36-åringen.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / Afp

Den mistenkte mannen gjekk rundt på varehuset Ikea i Västerås i Sverige ein seinsommardag i august, og heilt tilfeldig valde han ut den 55 år gamle kvinna og sonen hennar på 28 år som sine offer, skriv Dagensnyheter.se

– Den tiltalte har fortalt meg at han plukka ut offera sine heilt tilfeldig, seier aktor Eva Moren.

Stengt-skilt på Ikea

«Stengt på grunn av teknisk feil», stod det på dørene til Ikea i Västerås.

Foto: Ida De Rosa/NRK

Det heile var over på eitt minutt

Dei to vart drepne med eitt stikk kvar. Kvinna døydde av eit stikk i magen, og sonen fekk også fleire slag mot kroppen. Begge døydde før ambulansen kom. Då hadde gjerningsmannen stukke seg sjølv i magen også.

– Det heile skjedde på eitt minutt, seier Moren.

Dobbeldrapet vart ikkje fanga på overvakingsvideoane til Ikea.

Hadde fått avslag på asylsøknad

Den mistenkte var å eit møte hos det svenske Migrationsverket tidlegare på dagen, og hadde fått opplyst at han vart nekta å søke asyl i Sverige. Etter møtet bestemte han seg for å drepe ein eller fleire personar, for så å ta sitt eige liv.

– Han gjorde dette fordi han var skuffa over avslaget han fekk, fortel aktor.

Forsvararen til den 36 år gamle mannen, advokat Per-Ingvar Ekblad, stadfesta at klienten hans hadde vedgått at han «ville drepe to uskuldige personar».

– Det finnast inga unnskyldning for det som har skjedd. Det er forferdeleg. På same tid kan det vere ei forklaring, seier Ekblad.

Den 23 år gamle mannen som var med 36-åringen på Ikea då han gjekk til åtak, er sjekka ut av etterforskinga.

Rettssaka startar 28. oktober.

Fredrik Pikkuaho filmet da politiet arresterte en mann i 30-40-årsalderen etter knivstikkingen der to personer ble drept og en alvorlig såret på Ikea i Västerås.

Svensk politi arresterer ein av dei mistenkte for knivstikkinga.