Ikea betaler 400 millionar kroner etter dødsulykke med kommode

Ikea betaler over 400 millionar kroner i forlik til familien til ein toåring som døydde då ein kommode frå selskapet fall over han i California i USA.

Plakater med Malm-kommoden på en pressekonferanse i Philadelpia i USA mandag.

Plakatar med bilde av den omkomne toåringen og Malm-kommodar vart viste fram på ein pressekonferanse i Philadelphia i USA på måndag.

Foto: Matt Rourke / AP/NTB Scanpix

– Ingen forlik kan endre på den tragiske hendinga, men for familiens og alle andres skuld er vi takksame for at denne rettstvisten har funne si løysing, skriv Ikea i ei fråsegn måndag.

Beløpet på 46 millionar dollar, om lag 405 millionar kroner etter kursen på måndag, er ifølgje advokatane til familien til toåringen det største forliket av slaget sitt i USAs historie, skriv USA Today.

Det var i 2017 at to år gamle Jozef Dudek døydde då ein kommode av typen Malm fall over han.

– Vi trudde aldri at ein toåring kunne få ein låg kommode på 75 centimeter til å falle og kvele han. Det var berre i ettertid at vi fekk vite at designen til denne kommodetypen var ustabil og ikkje oppfylte tryggingskrav, og at dette hadde skjedd òg med andre små gutar, seier mora til guten, Joleen Dudek.

Ikea-kommodar er kopla til minst ni tilfelle der barn har mista livet og fleire titals barn har vorte skadde. Ofte har slike uhell skjedd ved at barn drar ut skuffane slik at kommoden fell over barnet.

Advokatene til familien til toåringen som døde da Ikeakommoden Malm veltet, Alan Feldman, Daniel Mann og Edward Goldis.

Advokatane til familien til toåringen som døydde då Ikea-kommoden Malm velta, Alan Feldman, Daniel Mann og Edward Goldis, på veg ut av pressekonferansen. Til høgre står den aktuelle kommoden.

Foto: Matt Rourke / AP/NTB Scanpix

I 2016 utbetalte Ikea eit beløp på same storleik, men fordelt på tre familiar i USA, etter at tre barn døydde då ein kommode av same type fall over dei.

I 2016 trekte Ikea tilbake 17,3 millionar kommodar av denne modellen som vart selt frå 2002 til 2016.

Vil du ha nyheitsbrev frå NRK Urix? Meld deg på her!

SISTE NYTT

Siste nytt