NRK Meny
Normal

- Ber journalistar dra frå øya Yeonpyeong

Sør-Koreanske styresmakter har bede alle journalistar som dekkjer den amerikansk-sørkoreanske militærøvinga i Gulehavet om å forlata øya Yeonpyeong.

– Alle journalistar må forlata Yeonpyeong, heiter det i ei tekstmelding til journalistane sine mobiltelefonar ifølgje NTB.

Trass i sterke åtvaringar frå Nord-Korea, starta amerikanske og sørkoreanske marinefartøy i natt den varsla mililtærøvinga i Gulehavet vest for den koreanske halvøya.

Søkte tilflukt i bunkerar

Det amerikanske hangarskipet USS George Washington deltek i øvinga, som er ein reaksjon på granatane som Nord-Korea skaut mot øya Yeonpyeong tysdag. Fire sørkoreanere blei drepne i åtaket.

Bruk grafikken nederst i artikkelen til å setja deg inn i det militære styrkeforholdet på Korea-halvøya.

Natt til søndag skal det ha vorte høyrt ny skyting med artillerield utanfor den sørkoreanske øya , som følgje av militærøvinga.

Bebuarane på øya blei beordra til å søkja tilflukt i bunkerar då skytinga starta, men fekk seinare lov til å forlata tilfluktsromma.

Nord-Korea klargjer rakettar

Hangarskipet USS George Washington

Det amerikanske hangarskipet USS George Washington er med på Sør-Korea og USA si militærøving i Gulehavet

Foto: TRUTH LEEM / Reuters

Den første reaksjonen til Nord-Korea var å klargjera bakke-til-bakke-rakettar på utskytingsrampar, ifølgje det sørkoreanske nyheitsbyrået Yonhap. Bakke-til-luft-rakettar skal ha blitt flytta nærare frontlinjene.

Nord-Korea har tidlegare, i kraftige ordelag, åtvara Sør-Korea og USA mot å gjennomføra den planlagde militærøvinga i Gulehavet. Natt til søndag norsk tid kunne USA sine styrkar i området likevel stadfesta at øvinga var igang, melder NTB.

I ei kunngjering frå det statskontrollerte nyheitsbyrået i Nord-Korea, KCNA, heiter det at Nord-Kora ser på øvinga som ein provokasjon, og at dei vil gå til åtak dersom USA og Sør-Korea krenkjer nordkoreanske territorialfarvatn under si militærøving.

Kina er uroa

Kina er det landet som står det nordkoreanske regimet nærast. Dei har sagt at også dei er imot øvinga. Samstundes opplyser kinesiske styresmakter at dei er samde med Sør-Korea sin president om at spenninga i området må seinkast.

Kommentarene kom etter eit møte mellom den kinesiske statsråden Dai Bingguo og president Lee Myung-bak, rapporterer det offisielle kinesiske nyheitsbyrået Xinhua.

– Samstundes som dei understreker at situasjonen er bekymringsfull, er dei to sidene samde om at partane må engasjera seg i seriøse dialogar for å letta spenninga, skriv Xinhua.

Samtalane mellom presidenten Lee og Dai vert skildra som «djuptgripande» og «openhjartige».

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt