Hopp til innhold

ID-tjuvar stal og selde huset til britisk prest

Å kjøpe eit hus er for mange det største og viktigaste kjøpet ein kan gjere. Kva hadde du gjort om du fann ut at nokon hadde stole og selt det?

English row terrace house in spring season, England UK. Brick building in the town.
Pompaem Gogh

Mike Hall har eigd huset i Luton i over 30 år. Bilde meint som illustrasjon.

Foto: Shutterstock

Den engelske presten Mike Hall er i sjokk etter han fann ut at huset hans plutseleg hadde fått nye eigarar.

Naboar la merke til mykje aktivitet i huset ein dag i august. Dei varsla Hall, som jobbar i Nord-Wales. Han køyrde tilbake til bustaden i Luton morgonen etter.

– Eg gjekk til inngangsdøra og prøvde å låse opp, men det gjekk ikkje. Så kom ein mann og opna døra for meg, fortel Hall til BBC.

Tømt for møblar

Mike Hall kjøpte huset i Luton, som ligg 50 kilometer nord for London, i 1990. Då var han ferdig med studia og hadde akkurat starta i ny jobb.

Hall reiser ein del med jobben, og har i mange år leigd ut huset. Etter pandemien kom har det derimot stått tomt.

Naboane varsla at alle lysa i huset stod på, og at det var fleire folk der inne.

Då mannen opna døra for han dagen etter, skubba Hall han til sides og gjekk inn. Så såg han at huset var fullstendig tømt for møblar.

Alt var vekke. Dei hadde starta å fjerne gipsveggane, det elektriske anlegget haldt på å bli erstatta, og dei hadde starta å rive ned kjøkkenet og badet, seier presten.

Mannen sa han var der for å renovere bustaden.

– Eg sa «Vel, eg har ikkje selt huset. Dette er framleis min eigedom», seier Hall ifølge den britiske kringkastaren.

– Kom deg ut

Presten ringde deretter til politiet og fortalde at nokon hadde brote seg inn i huset hans. Snikkaren forlét huset og kom tilbake med faren til den nye eigaren.

– Eg kjøpte huset i juli. Dette er min eigedom, kom deg ut, var beskjeden til Hall.

Politiet kom og sjekka eigedomsregisteret for kven som stod oppført som eigaren av huset. Det var ikkje Mike Hall, men den nye kjøparen.

Politiet sa deretter at dette var ein sivil sak som dei og advokatane måtte ordne opp i sjølv. Fleire førespurnadar gav same svar frå politiet.

– Eg var i ein tilstand av sjokk etter å ha sett huset slik det var. Men å så bli fortalt av politiet at dei ikkje meinte noko kriminelt hadde skjedd her, var berre ikkje til å tru, fortel Hall.

Bestilte ID-kort

Huset blei selt for 131.000 britiske pund, rundt 1.500.000 kroner.

For å selje eit hus treng ein dokumentasjon på at ein er eigaren. Svindlaren skal ha tatt kontakt med det engelske biltilsynet og bestilt eit førarkort i Mike Hall sitt namn.

Biltilsynet kontakta Hall i april, for å dobbeltsjekke om det verkeleg stemte at han hadde bestilt eit førarkort til. Dei mistenkte svindel.

Hall svarte at han ikkje hadde bestilt eit førarkort til, og biltilsynet sa at dei ville trekke tilbake det dei skulle sende ut.

Men det gjorde dei ikkje.

Biltilsynet har nyleg stadfesta til BBC at dei sende ut eit ekstra førarkort med Mike Hall sitt ansikt og informasjon på. Dei kriminelle trengde berre å bytte bilde.

BBC har også funne ein bankkonto som blei oppretta i Mike Hall sitt namn i april. Der ser dei transaksjonen for salet av huset komme inn, og forsvinne ut igjen etter to dagar i juli månad.

Har tapt huset

Etter at BBC tok kontakt med politiet vil svindelavdelinga starte etterforsking. Biltilsynet seier dei tar hendinga på alvor og at dei samarbeider med politiet i saka.

Men Mike Hall vil truleg ikkje få huset sitt tilbake.

Står ein registrert som eigaren av eit hus i «HM Land Registry», tilsvarande det norske Kartverket, er eigedommen din. Uavhengig av om ein kjøpte eigedommen frå ein svindlar, ifølge regelverket.

Hall kan likevel få kompensasjon for bustaden viss det blir slått fast at identiteten hans blei stolen og brukt til å selje huset.

Men huset har fått nye eigarar.