NRK Meny
Normal

ICC Stadfestar kontakt med Saif

Den internasjonale straffedomstolen ICC stadfestar at dei har hatt indirekte kontakt med Saif al-Islam, ein av sønene til Muammar al-Gaddafi.

Rykteflaum om Saif al-Islam.

Saif al-Islam skal vere viljug til å overgi seg til Den internasjonale straffedomstolen ICC.

Foto: PAUL HACKETT / Reuters

Det britiske kringkastingsselskapet BBC melder at domstolen, via mellommenn, har gjort det klart for Saif al-Islam at dei ser på han som uskuldig heilt til det er bevist at han er skuldig, og at han vil få ei rettferdig rettssak.

Gaddafi-sonen er etterlyst av ICC for brotsverk mot menneskeslekta.

LES OGSÅ: Hva skjedde med Gaddafis amasoner?

LES OGSÅ: – Gaddafis død ikke noe å glede seg over

Skal vere i Niger

Seint i går kveld kom det meldingar frå det nasjonale overgangsrådet i Libya at Saif al-islam hadde flykta over grensa til Niger , men dette er ikkje stadfesta av andre kjelder. ICC seier at dei ikkje veit kvar han er.

Luis Moreno-Ocampo er aktor ved Den internasjonale straffedomstolen i Haag.

Luis Moreno-Ocampo er aktor ved Den internasjonale straffedomstolen i Haag.

Foto: THIERRY GOUEGNON / Reuters

Den internasjonale straffedomstolen mistenkjer Said al-Islam for å ha spelt ei viktig rolle i Gaddafi-regimet sine soldatar i angrepa mot sivile i fleire libyske byar mellom 15. - og 28. februar i år.

Det går mange rykte rundt Saif al-Islam, og det er vanskeleg å vite kva som stemmer og kva som er reint oppspinn.

Aktor Luis Moreno-Ocampo ved ICC-domstolen seier at dei via kontaktar at afrikanske leigesoldatar har tilbode Saif al-Islam å smugle han til eit land som ikkje har underskrive ein avtale med domstolen.

LES OGSÅ: Frykter mafia-tilstander i Tripoli

Til Zimbabwe?

Fleire meiner at Zimbabwe er eit mogleg land å reise til for han, om han vel å ikkje samarbeide med den internasjonale domstolen. Zimbabwes president Robert Mugabe har i mange år vore ein nær alliert av Muammar al-Gaddafi.

President Robert Mugabe

Robert Mugabe i Zimbabwe har i mange år vore ien nær alliert av Muammar Gaddafi.

Foto: MIKE HUTCHINGS / SCANPIX

Det går hardnakka rykte om at det var kvite, sørafrikanske leigesoldatar som stod bak det mislukka forsøket på å smugle Muammar Gaddafi ut av Libya sist fredag. Rykta vil ha det til at det no er dei same leigesoldatane som no vaktar Saif al-Islam.

Sørafrikanske aviser melder at leigesoldatar frå det gamle apartheidregimet i fleire år har spelt ei sentral rolle i Libya.

Leigesoldaten Deon Oldendaal, som ligg på sjukehus i eit av Libya sine naboland, seier til den sørafrikanske avisa rapport at han vart vart såra i forsøket på å smugle Gaddafi ut av Sirte. Han fortel at mellom 20 og 50 sørafrikanske leigesoldatar deltok i det mislukka forsøket på å smugle diktatoren til nabolandet Niger, melder NTB.

LES OGSÅ: – Gaddafi-sønn vil overgi seg

LES OGSÅ: Har funnet kjemiske våpen i Libya

- Hylte som ein gris

Muammar al-Gaddafi vart drepen fredag 21. oktober.

Muammar al-Gaddafi vart drepen fredag 21. oktober.

Foto: REUTERS TV / Reuters

Han fortel at Muammar Gaddafi hylte som ein gris etter at han vart pågripen av revolusjonssoldatane.

Den sørafrikanske avisa Beeld melder at fleire av desse leigesoldatane no vaktar Said al-Islam. Leigesoldatane som overlevde fluktforsøket sist fredag skal ha fått hjelp av libyske revolusjonssoldatar til å kome seg ut av Libya, mot god betaling.

Mummar al-Gaddafi vart pågripen av revolusjonssoldatar i fødebyen Sirte fredag for ei veke sidan, og like etterpå drepen under uklare omstende.

37 år gamle Saif al-Islam er den nest eldste sonen til Gaddafi, og han er truleg den som hadde mest makt i regimet

LES OGSÅ: Libya ber NATO bli ut året

LES OGSÅ: – Gaddafis død ikke noe å glede seg over

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt