Hopp til innhold

ICC skal etterforske moglege krigsbrotsverk i palestinske område

Den internasjonale straffedomstolen i Haag, ICC, skal etterforske påstandar om moglege krigsbrotsverk i dei palestinske områda. – Skandaløst, seier Israel.

Gaza

Øydeleggingane på Gazastripa var store etter sommarens krig. No skal ICC etterforske om det fann stad krigsbrotsverk i området.

Foto: MARCO LONGARI / Afp

Det er litt over ei veke sidan Palestina vart godkjente som medlem av Den internasjonale straffedomstolen, etter at dei sende inn ein medlemssøknad i byrjinga av januar.

No har domstolen gitt grønt lys for å opprette innleiande etterforsking av moglege krigsbrotsverk som er utført i palestinske område.

Israel raser

Ei slik etterforsking kan føre til at ICC reiser tiltale mot enkeltpersonar på både israelsk og palestinsk side. Palestina har sagt at dei vil at hendingane på Gazastripa i sommar skal bli etterforska, samt dei israelske busetnadane.

I ettermiddag har Israel gått hardt ut mot nyheita om at krigsbrotsverk skal etterforskast, og kallar det for «skandaløst».

Israels utanriksminister Avigdor Liebermann seier den innleiande etterforskinga er eit forsøk på å «øydelegge Israels rett til å forsvare seg mot terror». Han meiner også at avgjersla med å starte etterforsking «eine og åleine er basert på politiske antiisraelske omsyn».

Vart åtvara mot medlemskap

Palestina hadde også tidlegare prøvd å slutte seg til domstolen, men hadde då fått beskjed om at domstolen berre er open for statar.

I Israel har fleire vore kritiske til medlemsskapet, og statsminister Benjamin Netanyahu har bede ICC om å avvise søknaden.

Han meinte også at palestinarane hadde meir å frykte frå domstolen enn frå Israel, på grunn av den væpna islamistiske gruppa Hamas sine handlingar på Gazastripa.

Også USA åtvara palestinarane, og sa at eit ICC-medlemskap kan svekke palestinarane sitt håp om ein suveren stat.