Internasjonal delegasjon blir heldt fanga i Libya

Den internasjonale straffedomstolen (ICC) har sendt ein ny delegasjon til Libya, for å få sett fri den første delegasjonen som blir heldt fanga på grunn av mistanke om spionasje.

ICC-presidenten

KREV LAUSLATING: Presidenten av Den internasjonale straffedomstolen (ICC), Sang-Hyun Song, krev at staben hans blir lauslatne umiddelbart.

Foto: GUILLERMO LEGARIA / Afp
Saif al-Islam

ETTERLYST: Saif al-Islam er etterlyst for lovbrot under opprøret som styrta faren Muammar Gaddafi. ICC vil ha han utlevert til Haag, men libyske myndigheiter nektar.

Foto: IMED LAMLOUM / Afp

LES: – Prøvde å levere brev til sonen til Gaddafi

Dei fire i ICC-delegasjonen blir heldt fanga i ein fjellandsby etter at ein av advokatane deira, australske Melinda Taylor, ifølgje Libyske styresmakter blei teken i med ulovlege dokument som skulle til Saif al-Islam.

Al-Islam er sonen til den tidlegare libyske diktatoren Muammar Gaddafi.

Vil utlevere sonen til Gaddafi

Delegasjonen på fire som reiste til Libya på torsdag for å besøke al-Islam, blei gripne kort tid etter besøket.

Saif al-Islam har site i varetekt i Zintan heilt sidan han blei teken i november i fjor. Han er etterlyst av ICC for lovbrot under opprøret som styrta det 42 år lange regimet til faren, Muammar Gaddafi.

Den internasjonale straffedomstolen (ICC) vil ha Saif al-Islam utlevert til Haag.

Libyske styresmakter har gjort det klart at det ikkje kjem på tale. Dei vil stille han for retten i eige land, der han risikerer dødsstraff.

– Gav eit brev med kodar til al-Islam

Dei libyske styresmaktene hevdar at den australske ICC-advokaten Melinda Taylor som var på besøk til al-Islam blei gripen med ein bunke dokument som utgjer ein trugsel for nasjonal tryggleik.

– Under eit besøk til Saif al-Islam prøvde advokaten å levere dokument til han, som utgjer ei fare for tryggleiken til Libya, seier Ahmed al-Jehani, ein libysk jurist med ansvaret for Saif al-Islam-saka.

Ifølgje al-Jehani skal Taylor ha hatt med seg eit pennekamera og eit brev til al-Islam som inneheldt kodar og symbol, og ho er difor mistenkt for spionasje.

Får ikkje snakke med dei

ICC-presidenten, dommar Sang-Hyun Song krev at alle blir lauslatne umiddelbart, og søndag blei ein ny delegasjon sendt til Libya for å forhandle om å lauslate Taylor og dei tre andre.

Han understrekar at staben hans skal ha full immunitet når dei er på offisielle oppdrag for Den internasjonale straffedomstolen.

– Vi er svært bekymra for tryggleiken til våre tilsette når vi ikkje får ha noko som helst slags kontakt med dei, seier ICC-presidenten.

Australske myndigheiter ber Libya frigjere dei

Utanriksministeren i Australia, Bob Carr har vore i kontakt med libyske styresmakter med håp om å få lauslate den australske advokaten.

– Vi ynskjer konsulær tilgang, og vi håpar vi kan få det snart. Vi vil løyse dette så raskt som mogleg slik at Taylor kan få kome heim til mannen og det to år gamle barnet sitt, seier Carr.

Også statsministeren i Australia, Julia Gillard, ber Libya om å frigjere advokaten.

– Eg er bekymra for Taylor, og vi vil at dei Libyske styresmaktene skal lauslate henne så raskt som mogleg, seier Gillard til nyheitsbyrået AFP.

Viser ikkje vilje til lauslating

Men styresmaktene viser ingen teikn til å ville lauslate den fengsla advokaten enno, og den nye delegasjonen som kom til Libya i går får ikkje snakke med kollegaene hennar som blir heldt i ein fjellandsby i Zintan.

– Delegasjonen som er komen til Libya får ikkje møte dei, seier al-Jehani.

Australske styresmakter skal ha fått signal om at advokaten er i god behold.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt