Hopp til innhold

– Prøvde å levere brev til sonen til Gaddafi

Ein australsk advokat frå Den internasjonale straffedomstolen blir heldt tilbake i Libya fordi ho skal ha hatt med seg brev til sonen til Muammar Gaddafi.

Seif al-Islam, Libya

Seif al-Islam etter at han vart teken til fange 19. november 2011.

Foto: Ammar El-Darwish / Ap

Den internasjonale straffedomstolen (ICC) vil ha Saif al-Islam, sonen til avdøde Gaddafi, utlevert til Haag.

Libyske myndigheiter har gjort det klart at det ikkje kjem på tale. Dei vil stille han for retten i eige land, der han risikerer dødsstraff.

– Under eit besøk til Saif al-Islam prøvde advokaten å levere dokument til han, som utgjer ei fare for tryggleiken til Libya, seier Ahmed al-Jehani, ein libysk jurist med ansvaret for Saif al-Islam-saka.

Dokumenta det dreier seg om skal ha vore sendt av Mohammed Ismail, ein av støttespelarane til Seif, som har vore på flukt sidan opprøret, melder AFP.

Husarrest

Juristen understrekar at advokaten ikkje er fengsla, ho blir heldt i eit gjestehus saman med sine kollegaer.

– Ho sit i husarrest, ikkje i fengsel, seier Jehani til AFP.

Advokaten, Melinda Taylor, var del av ein delegasjon på fire som fekk lov til å besøke Seif al-Islam i Zintan, sørvest for Tripoli, der han sit fengsla.

SISTE NYTT

Siste nytt