NRK Meny
Normal

Ian Paisley trekkjer seg

Nord-Irlands fyrsteminister Ian Paisley har tatt avgjerda om å gå av i mai. 81- åringen trekkjer seg også som partileiar for Democatic Unionist Party.

Ian Paisley
Foto: HO / SCANPIX

 – Eg kunne ha helde fram, men eg har bestemt meg for å gå av. Avgjerda tok eg for fleire veker sidan, sa Paisley tysdag.

Fredsavtale? - Nei, aldri!

Fyrsteministeren har den siste tida vore pressa av sitt eige parti, som ynskte at han skulle gå av. Paisley har vore leiar for Democatic Unionist Party i nesten fire tiår.

Den tidligare uforsonlege protestantiske pastoren og politikaren har vore ein svoren tilhengar av at Nord-Irland framleis skulle vere ein del av Storbritannia. .

Han gjekk under kallenavnet «Dr. No» for i årevis å ha svart bastant «nei!» og «aldri!» på alle forslag om fredsavtalar.

Paisley vil halde fram som medlem av den nordirske provinsforsamlinga i Stormont og det britiske parlamentet.

Delte makta

Sonen til Paisley trekte seg sist månad  frå regjeringa etter skuldingar om at tvilsame forretningsforbindelsar.

Paisley inngjekk avtale om å dele makta med Sinn Fein i 2007, etter at Fein la ned våpna og tok avstand frå vald.

Over 3.000 menneske mista livet i politisk vald i Nord-Irland gjennom 30 årene fram til den såkalla langfredagsavtala om fred frå 1998.

Nord-Irland skal markere 10-årsjubileet for langfredagsavtala om ein drøy månad.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt