Hopp til innhold

IAEA alvorleg uroa over ny aktivitet ved nordkoreansk atomanlegg

Det internasjonale atomenergibyrået IAEA er sterkt uroa over aktivitet som tyder på gjenopning av eit produksjonsanlegg for plutonium ved atomanlegget Yongbyon i Nord-Korea.

Atomreaktor, Yongbyon, Nord- korea

Satellittbilete frå Yongbyon tyder på at anlegget er starta opp igjen.

Foto: GeoEye Satellite Image / Afp

– Aktivitetar inne på anlegget indikerer at dei førebur ei gjenopning av reaktoren og anlegget for å rike opp uran, som kan brukast i atomvåpen, sa toppsjefen i IAEA, Yukiya Amano, på eit lukka møte i IAEA-styret i Wien i dag. Han la til at han var svært uroa over utviklinga.

Yukiya Amano

IAEA-sjef Yukiya Amano er sterkt uroa over aktiviteten på det nordkoreanske atomanlegget Yongbyon.

Foto: Ronald Zak / Ap

Amano sa at sidan IAEA ikkje har tilgang til anlegget, så er det ikkje mogleg å vere 100 prosent sikker. Men at satellittbilete har vist utslepp av damp og vatn frå anlegget, og at det er ein klar indikasjon på at det går føre seg testing av anlegget.

– Målet er avskrekking

Nordkoreanske styresmakter gjorde det klart i april i år at dei ville starte opp igjen den gamle reaktoren, og at målet med dette var å skremme Nord-Koreas fiendar. Det er særleg USA og Sør-Korea som kjem inn under denne kategorien.

Dei to landa slit med å etablere ein strategi som kan få den relativt ferske leiaren Kim Jong-un tilbake til forhandlingsbordet.

Yukiya Amano sa på ein pressekonferanse i ettermiddag at IAEA vil halde fram med å overvake kva som skjer på Yongbyon-anlegget, først og fremst ved hjelp av satellittbilete, melder AFP og Reuters.

LES OGSÅ: Nord-Korea kan ha restartet atomreaktor

LES OGSÅ: Putin vil knytte Nord- og Sør-Korea sammen med jernbane

Yongbyon reaktoren i Nord-Korea.

Dette er eit kjøletårn på Yongbyon-anlegget i Nord-Korea.

Foto: S.S. Hecker / AP

Yongbyon-reaktoren har vore ute av drift i fleire år. Kjøletårnet på anlegget vart øydelagt i 2008 som eit tillitskapande tiltak før samtalar med Sør-Korea, Kina, US, Japan og Russland.

Ti atombomber

Då Nord-Korea varsla i april at dei ville starte reaktoren igjen, sa vestlege ekspertar at det truleg ville ta dei rundt eit halvt år å få anlegget i gang igjen. I september sa amerikanske ekspertar at satellittbilete av anlegget viste teikn på at anlegget var i gang igjen.

Vestleg etterretning meiner at Nord-Korea har nok kjernefysisk materiale til å byggje opp til ti atombomber, men at dei enno ikkje meistrar teknologien til å utvikle våpen som kan levere bombene.

Nord-Korea har gjennomført tre atomtestar sidan 2006, og den siste av dei, og den mest omfattande, var i februar i år. Dette var to månader før landet varsla ei

Nord-Koreas leder Kim Jong-un har startet opp landets omstridte atomreaktor igjen

Vestlege leiarar har store problem med å bli klok på Nord-Koreas leiar Kim Jong-un.

Foto: Reuters / NTB Scanpix

oppstarting av Yongbyon-anlegget. Landet sparka ut inspektørane frå IAEA i 2009.

LES OGSÅ: – Kim Jong-uns eks-kjæreste henrettet

LES OGSÅ: – En mor ble tvunget til å drukne sin baby

– Fiendtleg politikk

Nordkoreanske styresmakter sa i juli i år at dei ville halde fram med å byggje opp atomarsenalet sitt, heilt til USA stansar sin «fiendtlege politikk» overfor dei. Samstundes gjorde dei det klart at dei var villige til å ta opp igjen forhandlingane om atomprogrammet.

FNs matvareorganisasjon FAO opplyser at Nord-Korea har auka matproduksjonen sin for tredje året på rad, men at det framleis er mangel på mat i landet. FAO meiner at 84 prosent av hushaldningane i landet har for lite mat eller er heilt på grensa til å ha for lite.

LES OGSÅ: Mystisk stans i arbeidet på nordkoreansk rakettanlegg

LES OGSÅ: Nord-Korea feiret våpenhvilen med enorm militærparade

SISTE NYTT

Siste nytt