Hopp til innhold

IAEA: – Dette kan ende i katastrofe

Russland har kontrollen. Ukrainarar driv det. Atomkraftverket i Zaporizjzja står midt i krysselden. Det trengst umiddelbare tiltak, slår IAEA fast i ein ny rapport.

OKKUPERT: Eit russisk militær køyretøy er parkert utanfor atomkraftverket Zaporizjzja. Tysdag publiserer IAEA ein rapport om sitasjonen ved kraftverket.

OKKUPERT: Eit russisk militær køyretøy er parkert utanfor atomkraftverket Zaporizjzja. Tysdag publiserer IAEA ein rapport om situasjonen ved kraftverket.

Foto: ALEXANDER ERMOCHENKO / Reuters

– Det er rett og slett uakseptabelt. Det vert leika med elden. Dette kan ende i katastrofe.

Det sa leiar for IAEA, Rafael Mariano Grossi, til Tryggingsrådet i FN tysdag kveld.

I lang tid har Russland og Ukraina skulda kvarandre for å skyta mot kraftverket og området rundt.

Tidlegare i dag kom ein rapport frå det internasjonale atomenergibyrået, som tek føre seg situasjonen på kraftverket.

Dei har observert store skadar på Zaporizjzja.

IAEA på inspeksjon ved atomkraftverket.

IAEA på inspeksjon ved atomkraftverket.

Foto: IAEA / Reuters

I si tale til FN samanfatta Grossi rapporten til sju tryggleikspunkt:

  1. Ei tryggingssone rundt kraftverket for å unngå fleire skadar på anlegget
  2. Det militære nærværet må opphøyre
  3. Ein normal arbeidskvardag for arbeidarane må gjenopprettast
  4. Ekstern straumtilførsel må sikrast
  5. Det må vere moglegheit for trygg transport inn og ut frå kraftverket
  6. Tilfredsstillande monitorering av stråling i lufta
  7. Kommunikasjonskanalane må få fungere uforstyrra

– Dette er konkrete tilrådingar basert på det me så på kraftverket, uttalte Grossi.

Skadar nær reaktorbygning

Byrået skriv i rapporten at det er behov for umiddelbare tiltak for å forhindre ei mogleg atomulukke.

– Den noverande situasjonen er uhaldbar, skriv IAEA.

Teamet som var i Zaporizjzja såg mellom anna skadar i nærleiken av reaktorbygningen.

Skadar på lagerbygg for drivstoff og avfall på atomkraftverket i Zaporizjzja

Inspektørane frå IAEA står framfor store skadar på bygget der atomavfall og drivstoff blir lagra.

Nokre av skadane skal ha vore der alarmstasjonen for det fysiske vernesystemet ligg. Andre skadar skal ha vore der atomavfall og drivstoff blir lagra.

No uttrykkjer byrået frykt for at det blir fleire skadar på anlegget.

Dei ber difor om at det blir oppretta ei tryggingssone rundt atomkraftverket.

Russiske militære køyretøy står lagra inne i ein av turbinhallene for reaktor nummer to i Zaporizjzja.

Russiske militære køyretøy står lagra inne i ein av turbinhallane for reaktor nummer to i Zaporizjzja.

Foto: IAEA

Det kan mellom anna bety at Russland må fjerne militære køyretøy som no blir lagra på anlegget.

Byrået seier òg at dei ukrainske tilsette på anlegget er under konstant stress. Dei seier dette kan auke faren for menneskelege feil.

Atomkraftverket i Enerhodar skal være under artilleriangrep torsdag. Det skjer samme dag som inspektører fra IAEA skulle besøke anlegget. Faktisk Verifiserbar har verifisert denne videoen og kan bekrefte at den viser området ved atomkraftverket i Enerhodar. Det er imidlertid ikke mulig å fastslå at angrepet skjedde 1. september. Reuters bekrefter også at dette området har vært under angrep torsdag.

Militære angrep i Zaporizjzja, nær atomkraftanlegget. Reuters og Faktisk verifiserbar går god for stad, men det er ikkje verifisert når videoen er tatt.

Vil ha klare avgjersler

Tysdag kveld skal IAEA-sjef Rafael Mariano Grossi orientera Tryggingsrådet i FN. Han skal da snakke om inspeksjonen dei hadde ved kraftverket i Zaporizjzja førre veke.

Det dei fann er ein del av grunnlaget for rapporten om atomtryggleiken som vart lagt fram. Det skriv byrået i ei pressemelding.

Skader på en passasje til reaktor 6 i Zaporizjzja

Skadar på ein passasje til reaktor nummer 6 i Zaporizjzja.

Foto: IAEA

Regionleiar i fylket Zaporizjzja, Oleksandr Starukh, venta ikkje berre ein rapport om den noverande situasjonen. Han venta også klare avgjersler.

– Atomkraftverket og området rundt må demilitariserast så snart som mogleg, skal han ha sagt ifølgje The Guardian.

Ein russisk soldat voktar området nær atomkraftverket Zaporizjzja.

Ein russisk soldat vaktar området nær atomkraftverket Zaporizjzja.

Foto: AP

To inspektørar er framleis ved kraftverket

Torsdag 1. september kom ei ekspertgruppe på 14 personar fram til Zaporizjzja.

Oppdraget var å inspisera kjernekraftverket, som er Europas største.

Ukrainas statlege atomkraftselskap Energoatom hevda at det var vanskeleg for IAEA-ekspertane å undersøkja atomkraftverket grunna russisk innblanding.

IAEA-sjef Rafael Grossi på Zaporizjzja-kraftverket i Ukraina 1. sept. 2022

IAEA-sjef Rafael Grossi på atomkraftverket Zaporizjzja 1. september.

Foto: Andriy Andriyenko / AP

Samstundes sa IAEA-sjefen Rafael Grossi at inspektørane fekk sjå alt dei hadde behov for å sjå.

– Eg meiner me har klart å få veldig mykje informasjon i løpet av nokre få timar. Eg har fått sjå dei viktigaste tinga eg hadde behov for å sjå. Forklaringane me fekk var svært klare, sa Grossi.

To observatørar frå Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) blei att på atomkraftverket og er venta å vera der på permanent basis.

Les også Atomeksperter blir værende ved atomkraftverk

Biler med FN-logo utenfor Zaporizjzja-kjernekraftverket

SISTE NYTT

Siste nytt