Ein åtte meter høg vegg skil drabantbyen Bir Nabala frå omgjevnadane. Den vesle staden, rett utanfor Jerusalem, vart mura inne i 2006, då Israels barriere på Vestbreidda vart bygd rundt byen.
Innanfor murane bur rundt 15.000 palestinarar, som berre kan kome seg ut gjennom undergangar eller ein veg som er strengt vakta. Ofte hoppar også folk over muren, for å kome seg til arbeid eller andre gjeremål på den andre sida.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
I dag hakka ein gjeng med unge, palestinske aktivistar seg gjennom muren. Dei klarte å lage eit stort hol, men muren står framleis støtt.
– Det har ingenting å seie kor høge barrierane er, for dei vil uansett falle. Slik som Berlinmuren fall, vil den Palestinske muren falle, heiter det i eit utsegn som skal ha kome frå aktivistgruppa, gjennom det palestinske nyheitsbyrået Ma'an News.
«Apartheidmur» eller «tryggingsgjerde»
Israel meiner muren må til for å skape tryggleik i området, men kritikarane til muren peiker til at barrieren også er bygd inne i Vestbreidda, noko som er særs omstridd.
Muren er fordømd frå mange hald, mellom anna FNs Generalforsamling, og den internasjonale domstolen i Haag meiner bygginga av muren er eit brot på folkeretten.
- LES OGSÅ:
- LES ODD KARSTEN TVEITS ARTIKKEL OM MUREN, FRÅ 2003:
Muren, som er 670 kilometer lang, har fått fleire kallenamn. Blant israelarar vert den kalla «tryggingsgjerdet», medan enkelte palestinarar kallar den for «apartheidmuren». «Anti-terror-gjerdet» og «separasjonsbarriere» er andre namn, som vert brukte.
Det er heller ikkje uvanleg at det vert gjort samanlikningar med, nettopp, Berlinmuren.
Det har vore mykje uro på Vestbreidda dei siste dagane, grunna usemje om bruken av tempelplassen og Al-Aqsa-moskeen i Jerusalem. Israelsk politi og palestinske ungdommar har braka saman fleire gonger dei siste døgna.
- LES OGSÅ: