Hopp til innhold

I dag får Toryane ein ny leiar

I dag vert det klart kven som vert ny leiar av Det konservative partiet i Storbritannia. Vert det Boris Johnson eller Jeremy Hunt?

Sjå kunngjeringa om kven som vert ny partileiar direkte frå klokka 12:15.

Tidleg i ettermiddag får Det konservative partiet ein ny leiar. Medlemmane i partiet har stemt og i dag vert resultatet klart. Dei kring 160 000 Tory-medlemmane avgjer då også i praksis kven som vert den nye leiaren i Storbritannia.

Så snart resultatet er kjent, kjem kunngjeringa frå partiet om at dei har fått ein ny leiar. I morgon kjem Theresa May til å søkje avskjed hos dronning Elisabeth, og den nye partileiaren får deretter etter alt å dømme oppdraget om å danne ny regjering.

Britain's Next Prime Minister: The ITV Debate at MediaCityUK in Salford

Ein av desse to vert Det konservative partiet sin nye leiar, og med det ny statsminister i Storbritannia.

Foto: Handout . / Reuters

Boris Johnson eller Jeremy Hunt?

Etter at statsminister Theresa May i mai kunngjorde at ho trekkjer seg som leiar av Det konservative partiet og då også som statsminister, har britane spekulert i kven som tek over.

Etter fleire omgangar med stemming på ulike kandidatar, stod det att to menn før den avgjerande runden.

Anten vert det Boris Johnson, eller utanriksminister Jeremy Hunt. Dei fleste ser på den tidlegare London-borgarmeisteren Boris Johnson som den soleklare favoritten.

Jeremy Hunt er utanriksminister i dagens regjering. Han ønsker først og fremst ein avtale med EU, enn å forlate EU utan ein avtale. Han har ikkje vore like bastant som sin motkandidat i sitt syn på brexit.

FILE PHOTO: Jeremy Hunt, a leadership candidate for Britain's Conservative Party, attends a hustings event in York

Jeremy Hunt er utanriksminister i den sittande regjeringa.

Foto: Peter Powell / Reuters

Hunt stemte for å bli i EU under folkeavstemminga i 2016, men har seinare ombestemt seg.

– Intelligent «bajas»

Både som borgarmeister og som utanriksminister er Boris Johnson kjend for å flyge både høgt og lågt med sleivspark i mange retningar.

– Han er ein spesiell politikar, litt bajas i stilen, seier førstelektor ved Universitetet i Agder, Jan Erik Mustad.

Johnson NRK

Boris Johnson er favoritt til å vinne leiarkampen.

Foto: Adrian Dennis / AFP

Mustad er spent på om Johnson, dersom han vert vald til leiar, kjem til å vise ei anna side ved seg sjølv enn det han har gjort tidlegare.

– Det er ingen tvil om at Johnson har politisk kløkt. Han er ein intelligent mann og har no sjansen til å vise at han har andre eigenskapar og karaktertrekk enn vi tidlegare er kjent med. Storbritannia treng ein statsminister som kan samle både partiet og nasjonen, seier Mustad.

Resultatet er venta å kome kring klokka 12:40 tysdag.

SISTE NYTT

Siste nytt