Hopp til innhold

Huset til Sam er dekt av krusedullar: – Avslappande, seier kona

Den britiske kunstnaren Sam Cox har brukt meir enn 9000 liter måling og 400 boksar med spraymåling for å dekke huset sitt i krusedullar.

Sam Cox har krusedullar på heile huset sitt.

TEIKNAR: Kvar einaste krik og krok i huset til kunstnaren Sam Cox er dekt med svarte krusedullar.

Foto: Gareth Fuller / AP

– Eg har alltid hatt lyst å bu i eit hus dekt av krusedullar, seier Cox til The Washington Post. tysdag.

Den 28 år gamle britiske kunstnaren har følgt barndomsdraumen sin og forvandla heimen om til eit kunstverk dekt med svarte teikningar.

– Det er som eit levande kunstverk, seier han til den amerikanske avisa.

9000 liter måling

I 2019 kjøpte Cox huset med 13 soverom som ligg i Kent søraust i England. Han fekk hjelp av familie og venar til å måle om heile huset til eit kvitt lerret.

Det tok han tre år å teikne krusedullar på alt frå tak, til dolokk, dører, lampeskjermar, badekar, stolar og dynetrekk.

Til og med steikeplata er dekt med krusedullar. Den er han usikker på om no fungerer, sa han til BBC på måndag.

– Eg er usikker på om eg kan bruke den no når vi har måla og teikna krusedullar på den, seier han til den britiske statskanalen.

Kunstnaren Sam Cox og kona Alena flyttar inn i eit tolvroms herskapshus som Cox har dekt i krusedullar.

Kunstnaren Sam Cox og kona Alena flyttar inn i eit 13-roms herskapshus dekt i krusedullar.

Foto: Gareth Fuller / AP

I løpet av prosjektet har han brukt 9000 liter kvit måling, 400 boksar med svart sparymåling, 289 flasker med svart måling og 2296 pennespissar.

– Det har vore eit gigantisk prosjekt, men det har vore veldig kjekt.

– Det beste eg veit

Cox er mest kjend som artisten Mr. Doodle, og han har over 2,7 millionar følgarar på Instagram.

Han har vore kunstnar mesteparten av livet sitt. Kunsten hans har blitt selt til høge summar. På auksjon i Tokyo i august 2020 vart verket «Spring» selt for over 1 million dollar, skriv The Value.

– Heilt sidan eg var liten har det å teikne krusedullar vore det beste eg veit.

Kunstnaren Sam Cox ligger i badekaret på badet som han har dekt med svarte krusedullar.

Kunstnaren Sam Cox seier at han leiter etter eit større lerret å teikne på, og har ein draum om å dekke ei heil gate i krusedullar ein dag.

Foto: Gareth Fuller / AP

Då han var liten kunne han teikne seg gjennom fleire hundre pakkar med papir.

Etter kvart spurte han foreldra om han kunne teikne på møblar og veggane på soverommet. Det tok litt overtyding til for å få lov til, seier Cox til The Washington Post.

Når han teiknar prøvar han å unngå å planlegge krusedullane.

– Sinnet mitt har ein tendens til å vandre, og då ender eg opp med å teikne på alt mogleg rart, seier han til avisa og legg til:

– Eg slappar av og lar handa gjere jobben.

Kunne du budd i eit hus dekt av krusedullar?

– Det er avslappande

Kvart einaste rom i huset har ulikt tema, og kva einaste krusedull er unik.

– Soverommet var faktisk det første rommet eg starta å teikne på, fortel Cox til BBC.

No når prosjektet er ferdig skal Cox og kona etter planen flytte inn og bu i huset. Dei syns ikkje alle krusedullane er distraherande å sjå på.

– Vi syns faktisk det er avslappande, seier kona Alena Cox til nyheitsbyrået AP.

Sam Cox og kona Alena i den kvite etestova som er dekt med svarte krusedullar.

Prosjektet starta i september 2020, og vart ferdig for eit par dagar sidan.

Foto: Gareth Fuller / AP

På spørsmål om ikkje det kan vere forstyrrande eller gi hovudverk, svarar Sam Cox nei.

– Det kjennast som ein lykkeleg stad når alt er komplett og dekt i krusedullar.

SISTE NYTT

Siste nytt