Hopp til innhold

Huseigarar svenske valvinnarar

Svenske økonomar meiner at huseigarar i dei største byane vil tene mest på at Sverige får ei ny regjering.

 

Sjeføkonom i Nordea, Jörgen Appelgren, peikar på den såkalla villaskatten som mange huseigarar må betale. Fleire stader kjem denne skatten opp i 40.000 kroner.

Den borgarlege alliansen sitt forslag om å erstatte denne skatten med ei kommunal villaavgift vil gjere at huseigarane vil få mykje meir pengar å rutte med, seier han.

Det er uklart på kva nivå eigedomsskatten vil hamne, då dei ulike partia i alliansen har ulike forslag. Kristdemokratarna er dei som går lengst i å fjerne denne skatten ved å foreslå ei maksimumsavgift på 2800 kroner i året.

Truleg blir resultatet eit godt stykke over dette nivået, men sake kva dei til slutt vil ende på , vil dei som i dag betalar mest spare mykje pengar.

Men mange økonomar ventar også høgare renter. Det vil gå ut over dei som har store lån på eigedomane sine.

- Med lågare eigedomsskatt vil husprisane skyte i verket. Det vil føre til at Riksbanken aukar renta, seier Jörgen Appelgren.

Børsen i Stockholm har reagert positivt på valsigeren til dei borgarlege, og det er venta auka investeringslyst i aksjemarknaden.

 

SISTE NYTT

Siste nytt