Hopp til innhold

Hunter Biden i retten: – Ikkje skuldig

President Joe Biden sin son, Hunter Biden, sa seg ikkje skuldig då han møtte i retten i delstaten Delaware i dag, tiltalt for brot på våpenlova.

Hunter Biden

Hunter Biden, president Joe Biden sin son.

Foto: Julio Cortez / AP

Dette er første gong barnet til ein sitjande amerikansk president er tiltalt.

Hunter Biden ønskte først å møte via videolink, men dommarane sa nei, og påla han å møte fram personleg i ein føderal domstol i Wilmington i Delaware.

Den 53 år gamle presidentsonen er skulda for å ha gitt feil opplysningar om narkotikabruken sin då han kjøpte eit skytevåpen i 2018. Han gjorde dette i ei eigenerklæring.

Stort presseoppbod då Hunter Biden møtte i retten i Delaware.

Stort presseoppbod då Hunter Biden møtte i retten.

Foto: Tove Bjørgaas / NRK

Stor merksemd på høgresida

Utanfor rettsbygningen var det stort pressoppbod, og nokre demonstrantar hadde møtt fram då den svarte bilen med presidenten sin son kom køyrande litt for klokka 16 lokal tid.

Etterforskinga av Biden har fått svært stor merksemd i medium på høgresida i USA i mange månader allereie.

Hunter Biden si forretningsverksemd er også bakgrunnen for at ein komite i Kongressen i førre veke heldt den første høyringa si for å avklare om det er grunnlag for ei riksrettssak mot president Joe Biden. Kongressen har ikkje vedteke å stille Biden for riksrett.

Skuldingar om at Det kvite hus og Justisdepartementet har verna om Joe Biden og derfor ikkje har etterforska Hunter Biden før no, har vore høglydte.

Joe og Hunter Biden

Far og son Biden.

Foto: Jonathan Ernst / REUTERS / NTB

Tiltalt av spesialetterforskar

Biden har tidlegare erklært seg ikkje skuldig i to tilfelle av skatteunndraging. Biden blei eigentleg samd med påtalemakta om ein tilståingsdom, men ein føderal dommar avviste dette i sommar.

I staden utnemnde justisminister Merrick Garland David Weiss frå Delaware som spesialetterforskar for å granske Hunter Biden.

I september tok Weiss ut tiltale. Tiltalen omfatta tre punkt i saka der han laug om bruken av ulovleg narkotika då han kjøpte eit våpen.

Advokaten hans, Abbe Lowel, hadde sagt på førehand at Biden ville nekte straffskuld.

Nokre demonstrantar hadde møtte opp då Hunter Biden møtte i retten i Delaware.

Nokre demonstrantar hadde møtt opp utanfor rettsbygningen.

Foto: Tove Bjørgaas / NRK

Kritikk frå Republikanarane

Republikanarane, med Donald Trump i spissen, har lenge komme med kraftige angrep på Hunter Biden.

Blant anna har dei vore kritiske til forretningsverksemda han hadde i Kina og Ukraina då Joe Biden var visepresident.

Trump har fleire gonger skulda han for korrupsjon, og har også kravd etterforsking av han.

SISTE NYTT

Siste nytt