Hopp til innhold

Fleire omkomne og hundrevis sakna etter at demning brast i Laos

Så langt er 26 menneske funne omkomne etter at ei demning brast i Laos, opplyser lokale medium. Hundrevis av menneske er framleis sakna.

FLAUM: Bileta viser område som er råka av vatnet som flauma ut då demninga brast i Sanamxai i provinsen Attapeu sør i landet.

Tusenvis av menneske var onsdag isolerte, omgitt av vassmassane, to dagar etter at demninga brast. Ifølgje guvernøren i distriktet, skal om lag 2 800 menneske blitt frakta i tryggleik, skriv Ventiane Times.

Lokale medium melder at vasstanden held fram å stige som følgje av monsunregn, og bilete som sirkulerer på sosiale medium viser at store område er sette under vatn. Fleire hundre menneske er framleis sakna.

Ulykka skjedde ved eit vasskraftverk som har vore under oppføring i Sanamxai i provinsen Attapeu sør i landet måndag kveld.

Ulykke i vasskraftverk ved Samanxai

Fem milliardar kubikkmeter vatn flauma ut gjennom seks landsbyar då demninga brast. Det svarar til snautt ein tidel av den samla vassmengda i Mjøsa.

Bilete frå området viser tungt lasta båtar som transporterer folk i tryggleik gjennom gjørmete vatn.

Folk i Laos vert evakuerte vekk etter at ei demning brast

EVAKUERTE: Menneske frå dei seks ulike landsbyane som vart råka av flaum etter at ei demning brast sør i Laos, vert evakuerte ut av områda som er sette under vatn.

Foto: AP

6 000 menneske heimlause

Meir enn 6 000 menneske skal vere heimlause som følgje av ulykka, melder BBC.

Årsaka til at demninga brast er framleis ikkje klar, men den frivillige beredskapsorganisasjon, Vientiane Rescue, opplyser at veggen i dammen brast etter fleire dagar med monsunregn, ifølgje ABS News.

Statsminister Thongloun Sisoulith har utsett møter og reist til ulykkesområdet for å følgje og organisere hjelpearbeidet.

Demning brast i Laos - lokalbefolkninga sit på tak for å kome unna vatnet

TILFLUKT: Lokalbefolkninga tek tilflukt frå vassmassane på eit tak etter at ei demning brast sør i landet.

Foto: AP

Vasskraftverk skulle bli sett i drift neste år

Lokale styresmakter har bede regjeringa og nærliggande område om både kle, mat, vatn og medisin til offera, ifølgje BBC.

Demninga tilhøyrer Pian Xe Namnoy, eit konsortium samansett av kraftselskap frå Laos, Thailand og Sør-Korea. Den var bygd for å halde 1 milliard tonn vatn og er 1,6 kilometer brei.

Vasskraftverket like ved skulle etter planen bli sett i drift neste år.

Ifølgje ABC News skal konsortiet seinast søndag ha åtvara om at det var stor fare for overlaup i dammen grunna monsunregnet og at dei planla å frigjere 5 000 millionar liter vatn. På grunn av dette oppmoda dei bebuarar til å evakuere lågtliggande område med det same.

Demning brast i Laos - lokalbefolkninga sit på tak for å kome unna vatnet

BER OM HJELP: Lokale styresmakter har bede regjeringa og nærliggande område om hjelp til offera, ifølgje BBC.

Foto: AP

Miljøvernorganisasjonar har lenge kritisert Laos for korleis dei utviklar vasskraftverk. Det melder SVT. Dei meiner dammane dei bygger i elver som renn ut i ei av verdas største elver, Makong, har ein negativ effekt på flora og fauna rundt elva.

Fleire demningar er planlagde eller under oppføring i Laos. Det fattige landet eksporterer det meste av vasskrafta til naboland som Thailand.

SISTE NYTT

Siste nytt