Demonstrasjonen var i strid med smittevernreglane, som berre tillèt at åtte personar samlar seg til arrangement utandørs i den svenske hovudstaden.
– Det er blitt ulovleg å demonstrere i desse tider. Det meiner vi er forkasteleg og i strid med grunnlova, sa arrangøren, Filip Sjöström til Expressen TV.
Rundt 500 menneske møtte opp for å demonstrere mot koronarestriksjonar på Medborgarplatsen i Stockholm.
Foto: Henrik Montgomery/TT / NTBDemonstrantane samla seg på Medborgarplatsen i sentrum av Stockholm ved 14-tida. Eit stort politioppbod hadde møtte fram, og etter berre nokre få minutt blei det bestemt at demonstrasjonen skulle løysast opp.
Men demonstrantane følgde ikkje politiet si oppmoding om å forlate plassen. Etter kvart byrja dei å marsjere mot Norrmalm.
Politiet prøvde å stanse dei på brua mellom Slussen og Gamla stan. Etter ei stund fekk demonstrantane halde fram mot Kungsträdgården.
Politiet melder at seks betjentar blei lettare skadde og to demonstrantar blei pågripne under demonstrasjonen.
Demonstrantane ropte slagord som «Fridom, Sverige» og «Vi har fått nok».
Foto: Henrik Montgomery/TT / NTBPolitiet opplyste på førehand at markeringa kunne haldast, men at ho ville bli oppløyst dersom fleire enn åtte personar samla seg.
– Vi har kjent til planane, og var førebudde på dette. Vi har prøvd å ha ein dialog med arrangøren, men har ikkje lukkast, sa pressetalsperson i Politiet, Mats Eriksson til SVT.
- Les også:
- Les også:
Demonstrasjonen blei arrangert av organisasjonen Fridom Sverige. Dei meiner koronarestriksjonane er eit angrep mot den fridomen folk har krav på, og krev at dei blir avvikla.
Rundt 1.000 personar hadde meldt seg på arrangementet, kalla «Tusenmannamarschen», via Facebook. Nyheitsbyrået TT sin reporter på staden meiner at rundt halvparten møtte opp.
Demonstrasjonen var over ved 16.30-tida.