Hopp til innhold

Hundrevis av flyktningar går hardt ut mot oljefondselskap

«San Leon, reis heim». Hundrevis av flyktningar står i Sahara-ørkenen og formar ei tydeleg melding til oljeselskapet San Leon. Ein av San Leons eigarar er det norske oljefondet.

Hundrevis av flyktningar frå Vest-Sahara demonstrerer mot San Leon, eit selskap som driv med oljeboring i Vest-Sahara. Oljefondet er investor i San Leon.

Hundrevis av flyktningar dannar ein setning. San Leon, reis heim, er bodskapen til det irske selskapet San Leon. Flyktningane er frå Vest-Sahara og har vore på flukt i over 40 år. Det norske oljefondet er ein mindre investor i San Leon.

Det irske oljeselskapet San Leon Energy har bora etter olje og gass i det omstridde Vest-Sahara, og for to veker sidan rapporterte dei om gassfunn. Det har vekka sterke reaksjonar.

Signert avtale med Marokko

Mellom anna hos flyktningane i flyktningleiren utanfor Tindouf i Algerie. For nokre dagar sidan danna fleire hundre flyktningar ein tydeleg bodskap med kroppane sine.

SPAIN EUROMED SUMMIT

Mange saharawiarar har reist frå heimlandet, men dei har ikkje stansa å kjempe for Vest-Sahara sin eksistens. Her er det demonstrantar i Barcelona som markerer si misnøye med Marokkos okkupasjon av området.

Foto: ALVARO BARRIENTOS / Ap

Bodskapen var at San Leon må reise heim. San Leon har derimot signalisert at dei vil halde fram boringa.

Selskapet har underskrive ein leiteavtale med styresmaktene i Marokko, som meiner dei har krav på Vest-Sahara. Men Vest-Sahara er og blir verande eit omstridd område, sjølv om det ikkje er nokon pågåande væpna konflikt i området.

Difor er det også omstridd at ulike selskap investerer og opererer i Vest-Sahara. San Leon seier til NRK at dei ikkje ønskjer å kommentere demonstrasjonane eller sine operasjonar i Vest-Sahara.

MOROCCO-SWEDEN-DIPLOMACY-SAHARA

Også i Marokko er det mange som demonstrerer. Her er det ein mann som er misnøgd med Sverige sin posisjon i spørsmålet om Vest-Saharas sjølvstende. Den svenske Riksdagen har anerkjent Vest-Sahara som stat.

Foto: FADEL SENNA / Afp

Oljefondet har investert i San Leon

Flyktningane som protesterer mot San Leon bur i ein flyktningleir i Algerie, men dei eller forfedrane deira er opphavleg frå Vest-Sahara. Leiren har eksistert i 40 år, og har etter kvart blitt til ein liten by, ikkje langt frå grensa til Marokko og Vest-Sahara.

Noreg er blant landa som åtvarar norske selskap om å investere i Vest-Sahara. Det norske oljefondet har likevel investert knappe 1,5 millionar kronar i San Leon. Oljefondet har også investert i Kosmos Energy og Total, som er to andre selskap som opererer i Vest-Sahara.

Vest-Sahara

100 FN-resolusjonar – inga resultat

Konflikten i Vest-Sahara har vart i over 40 år, og trass 100 ulike FN-resolusjonar, så kjem det ikkje noko løysing på konflikten.

TOPSHOTS-MOROCCO-WSAHARA-UNREST -

Marokkansk militærpoliti brukar vasskanon til å halde demonstrantar på avstand utanfor Vest-Saharas største by, Laayoune.

Foto: HO / Afp

Noreg anerkjenner verken Marokko eller den saharawiske frigjeringsrørsla Polisario sine krav på territoriet.

Den afrikanske union er derimot blant dei som anerkjenner Polisario sitt krav på området, og på grunn av dette er Marokko det einaste landet som ikkje er medlem av unionen.

SISTE NYTT

Siste nytt