Hopp til innhold

Hugo Chávez skal balsamerast

Hugo Chávez skal balsamerast og revolusjonsmuseet blir den siste kvilestaden hans, seier visepresidenten i Venezuela, Nicolas Maduro.

Tusenvis av menneske møtte opp ved kista til HUgo Chavez.

Tusenvis av menneske møtte fram i Caracas torsdag for å heidre den avlidne presidenten.

Foto: GUILLERMO LEGARIA / Afp

Han blir liggjande på paradeseng i sju dagar til, og den nasjonale sørgjeperioden er utvida like lenge.

Inntil balsameringa skjer skal han oppbevarast i eit fjellområde som er ein viktig symbolsk stad for den venezuelanske revolusjonen.

Gravferd som planlagt

Venezuelas visepresident Nicolas Maduro.

Visepresdient Nicolas Maduro har utvida sørgjeperioden med sju dagar.

Foto: HO / Afp

Den offisielle gravferda går som planlagt i fredag ettermiddag norsk tid. Det blir truleg nyval i landet 14. april.

Det er meininga at Chávez etter balsameringa skal leggjast i ei glaskiste på revolusjonsmuseet, slik at alle skal få sjansen til å sjå og heidre han også i framtida, sa visepresident Maduro i kveld norsk tid.

Revolusjonsmuseet ligg like ved presidentpalasset, der Chávez har hatt sin maktbase dei siste 14 åra.

LES OGSÅ: Står ni timer i kø for å ta farvel med Hugo Chávez

LES OGSÅ: Chávez' død - kreft eller CIA?

Stor internasjonal deltaking

33 regjeringssjefar og statsleiarar frå heile verda har kome til Caracas for å delta i gravferda fredag. Blant dei som skal delta i gravferda er Irans president Mahmoud Ahmadinejad, som har vore ein nær alliert av Chávez.

Styresmaktene seier at to millionar menneske alt har passert paradesenga hans på militærakademiet sidan Chávez døydde sist tysdag. Her ligg han i ei halvopen kiste. Han er kledd i militæruniform, slips og den velkjende raude bereten sin.

No får innbyggjarane ytterlegare sju dagar på seg til å passere paradesenga, og seinare vil det balsamerte liket hans bli tilgjengeleg på revolusjonsmuseet.

LES OGSÅ: En latinamerikansk legende

LES OGSÅ: Chávez gjennom blå briller

LES OGSÅ: Chavez' etterfølger arver et oljerot


SISTE NYTT

Siste nytt