– Den amerikanske kongressen har gjentekne gangar mislukkast med å legge fram noko bevis som støttar opp om restriksjonane på Huawei-produkt, seier Huawei-toppen Guo Ping.
Han uttala seg på ein direkteoverført pressekonferanse frå hovudkontoret til Huawei i Shenzhen i Kina natt til torsdag norsk tid.
– Vi er nøydde til å ta dette juridiske skrittet som ein siste utveg.
Huawei skuldar også amerikanske styresmakter for å ha hacka servarane deira og for å ha stole e-postar og tryggingskodar.
Søksmålet er registrert ved ein rettsinstans i Texas, ifølgje Reuters.
- Urix forklarer: Huawei – fare for spionasje eller svertekampanje?
Utlevering av finansdirektør
Søksmålet kjem etter at selskapet er blitt tiltala i eit par rettssaker i USA.
Huaweis finansdirektør Meng Wanzhou.
Foto: ReutersOnsdag var det høyring om utlevering av Huaweis finansdirektør Meng Wanzhou frå Canada til USA. Ho og selskapet er i USA tiltalt for å ha ført amerikanske bankar bak lyset for å omgå handelsrestriksjonane mot Iran.
Huawei er skulda for å ha selt amerikansk datautstyr til Iran, mot USAs sanksjonar.
1. mars gav Canada grønt lys for å setje i gong rettsprosessen om utlevering av finansdirektøren til USA.
Nok eit søksmål
Måndag blei det kjent at ein toppleiar i det kinesiske mobilkonsernet saksøker den canadiske stat og politiet for å ha arrestert, ransaka og avhøyrd Meng Wanzhou før ho blei fortalt at ho var arrestert på flyplassen i Vancouver i desember.
Same dag skulda Kina to kanadiarar for spionasje. Dei to blei arresterte i desember og har sete i kinesisk varetekt sidan.
Tiltalt for industrispionasje
Selskapet er i ei anna rettssak også tiltalt for industrispionasje og forsøk på å stele forretningsløyndomar frå tyskeigde T-mobile. Saka skal for retten i mars neste år. Huawei har erklært seg ikkje skuldig.