HRW: Chilensk politi bryt menneskerettane

Chiles politi har begått alvorlege brot på menneskerettane, inkludert overdriven bruk av makt og seksuelle overgrep, ifølgje Human Rights Watch.

Opprørspoliti i Santiago angriper demonstranter

Chilenske tryggingsstyrkar blir skulda for drapsforsøk, tortur og valdtekt.

Foto: Esteban Felix / AP/NTB Scanpix

Rapporten fra menneskerettsorganisasjonen kjem etter at organisasjonen førre veke besøkte Chiles hovudstad Santiago i kjølvatnet av demonstrasjonane i landet.

– Det er hundrevis av bekymringsfulle meldingar om overdriven bruk av makt i gatene og i varetekt, inkludert brutal vald og seksuelle overgrep. Dei bør undersøkast raskt og grundig for å sikre rettferda til offera, seier direktør José Miguel Vivanco for Amerika-avdelinga i HRW i ei fråsegn torsdag.

– Problem som tilfeldig og urettmessig bruk av opprørsvåpen og hagler, misbruk av innsette i varetekt og dårlege interne system, førte til alvorlege brot på rettane til mange chilenarar.

Nettopp derfor er det nødvendig med ei politireform, seier Vivanco.

Valdtekt og tortur

Frå demonstrasjonane starta for om lag ein månad sidan og fram til 21. november, har National Human Rights Institute (NHRI) registrert 442 meldingar på vegner av offer som hevdar dei er utsette for kriminell åtferd av Chiles tryggingsstyrkar.

341 av skuldingane omhandlar tortur og umenneskelig behandling, 74 omhandlar seksuelle overgrep. Tryggingsstyrkane blir òg skulda for mellom anna drapsforsøk.

Til HRW opplyser justisministeren i landet at dei har starta ei innleiande etterforsking om påstått overgrep mot 2278 personar, der det visstnok skal vere 203 medlemmer av tryggingsstyrkane inkludert og 173 polititilsette.

Berre ni tilfelle, mot fire polititilsette og fem medlemmer av forsvaret, har vorte «formalisert» og vil gå vidare til neste etterforskingsfase.

Chilensk politibærer en demonstrant

Etter å ha besøkt Santiago konkluderer HRW med at det chilenske politiet ved fleire tilfelle har brote menneskerettane

Foto: Esteban Felix / AP/NTB Scanpix

Etterforskar moglege brot

Chiles president Sebastián Piñera lova førre fredag at påtalemakta skal undersøke om politiet har krenkt menneskerettane.

– Viss ikkje protokollane vart følgde, og eg trur at det har skjedd i nokre tilfelle, vil det bli etterforska av påtalemakta, og det vil komme straffereaksjonar i domstolane, forsikra Piñera, etter at Amnesty International lanserte ein rapport som konkluderer med ein «vilja politikk» for å skade demonstrantane.

Tysdag hadde HRW eit møte med den sterkt pressa presidenten og tilrådde ei rekke reformer meint for å forhindre feilframferda til politiet og styrke oversikta over lovbrot.

På ein dryg månad, frå 18. oktober til 22. november, har nødetatane i landet behandla 11.564 personar med skadar knytt til demonstrasjonane, ifølgje HRW. Meir enn 1100 av dei hadde moderate eller alvorlege skadar.

Demonstrasjonane starta på grunn av auke i billettprisen på T-banen i Santiago og utvida seg raskt til å omfatte krav om utdannings-, helse- og pensjonsreformer og ny grunnlov.

SISTE NYTT

Siste nytt