Hopp til innhold

Hovudmistenkte arrestert i Minsk

Kviterussisk politi har arrestert to personar etter bombeangrepet på ein undergrunnsstasjon i hovudstaden Minsk måndag. Ein av dei skal ha planta bomba.

Ein skadd person blir frakta ut frå etter eksplosjonen

Ein skadd person blir frakta ut frå etter eksplosjonen

Foto: ONT / Afp

– Vi kan mest truleg seie at ein av dei to pågripne er hovudmannen, seier etterforskingsleiar Andrej Sjved til nyheitsbyrået Interfax.

Dei første etterforskingsledda er unnagjorde, og det har allereie vore samtalar med advokatane til dei arresterte.

– Vi har fått dei første innrømmingane, seier Sjved.

12 personar vart drepne og 149 skadde då ei fjernstyrt bombe med spiker og metallkuler gjekk av på ein t-banestasjon.

I går friga politiet ei fantomteikning av mannen dei meiner stod bak bombeangrepet. Dette var ein mann av ikkje-slavisk opphav, ikkje eldre enn 27 år gamal, og godt trent.

Tre personar vart henta inn til samtalar med politiet i går.

Bomba var gøymd under ein benk, og vart løyst ut ved fjernstyring. Ingen har til no teke på seg ansvaret for eksplosjonen.

Sikkerhetstiltak i Minsk

Det er strenge tiltak i Minsk etter eksplosjonen måndag.

Foto: STRINGER/RUSSIA / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt