Hopp til innhold

Houthi-rørsla til NRK: – Stor siger at ekspresidenten er tatt av dage

– Det er ein stor siger at den tidlegare presidenten i Jemen, Ali Abdullah Saleh er tatt av dage. Det seier direktøren for informasjonsministeriet i hovudstaden Sanaa, som er styrt av houthiane. Saleh har brote med Houthi-rørsla, og måndag blei det stadfesta at han er drepen.

Loai Alshami

Loai Alshami er direktør for informasjonsministeriet i Sanaa.

Foto: Privat

Ali Abdullah Saleh styrte Jemen i 33 år før han blei styrta i februar 2012. Han kom seg tilbake i maktposisjon ved å gå inn i ein allianse med houthiane, som tok makta i hovudstaden Sanaa i september 2014. I helga bytte han side. Han braut med houthiane og sa seg villig til å forhandle med Saudi-Arabia. No er han død.

Loai Alshami er direktør for informasjonsministeriet i Sanaa, som altså er styrt av houthiane. I eit intervju med Urix seier han dette som det som skjedde med den tidlegare presidenten:

YEMEN-SECURITY/SALEH

Ali Abdullah Saleh, tidlegare president i Jemen.

Foto: Khaled Abdullah / Reuters

– Har skapt kaos

– Det som har skjedd, er at tryggingsstyrkar frå det jemenittiske innanriksministeriet greidde å nedkjempe terrorgrupper frå militsen til ekspresident Ali Abdullah Saleh. Kampane enda med at han, og andre frå leiargruppa hans, blei drepne. Det var ein stor siger, seier Loai Alshami.

– Dette er folk som tidlegare har skapt kaos og heilt ope erklært støtte til fienden som har angripe Jemen, legg han til.

– No når Ali Abdullah Saleh er borte, korleis ser de på framtida?

– Det jemenittiske folket kjem til å halde ut. Dei fiendtlege angrepa vil ta slutt. Fienden kjem til å innsjå at dei ikkje kan okkupere folket vårt. Dei kjem til slutt til å innsjå at krigen var nyttelaus, at det jemenittiske folk vil stå imot angrepa. Folket vil reise seg igjen og styre seg sjølv utan innblanding utanfrå, seier Loai Alshami.

Ber folket protestere mot houthiane

Måndag viste Houthi-opprørarane fram ein video på sosiale medium som ser ut til å vere av liket til ekspresident Ali Abdullah Saleh. Partiet hans stadfesta måndag at han er død. Videoen blei også vist på den Houthi-kontrollerte TV-stasjonen Al-Masirah. Ifølgje partifellane blei Saleh drepen i eit angrep utanfor hovudstaden Sanaa.

Drapet utløyste harde kampar i og rundt Sanaa.

I ein TV-tale måndag bad presidenten i Jemen, Abed Rabbo Mansour Hadi, om at folket må samle seg i protest mot houthiane. I talen kalla han dei «iransk milits» og «eit mareritt».

Han heldt talen få timar etter at den tidlegare presidenten var drepen. Han bad om forsterka innsats i kampen mot houthiane.

– Jemen er ved eit avgjerande vendepunkt. Det er nødvendig at vi står samla i møte med «desse sekteriske militsane», sa han i talen.

FN ber om at kampane i Sanaa blir stansa av omsyn til sivile og hjelpearbeidarar.

Yemen

Ein butikk nær bustaden til Abdullah Saleh, som Houthi-opprørarane måndag storma, sprengde og la i ruinar i Haddah-bydelen vest i Sanaa.

Foto: Hani Mohammed / AP

SISTE NYTT

Siste nytt