NRK Meny
Normal

Hotell-angrep i Dublin – IRA-comeback eller mafiakrig?

Gruppa Continuity IRA seier dei stod bak skytinga på eit hotell i Dublin sist fredag, men politiet tvilar. Spora peikar i retning av ein krig mellom to grupper som kjempar om heroin-hegemoniet i den irske hovudstaden.

Skyting på hotell i Dublin

Det dødelege skyteangrepet på Regency Hotel i Dublin sist fredag var truleg del av ein krig mellom to rivaliserande kriminelle grupper.

Foto: Niall Carson / Ap

Ved 14-tida sist fredag storma ei gruppe væpna menn i politiuniformer inn i ein konferansesal i Regency Hotel i Dublin, der det var veging før ein EM-kamp i boksing. Dei væpna mennene opna eld, og det oppstod panikk i den fullsette salen. Ein man vart drepen og fleire andre såra.

Irsk politi seier at minst seks personar deltok i angrepet, blant dei ein mann utkledd som kvinne. Væpna med ein revolver greidde han å kome seg inn blant publikum i salen. Dei andre var utstyrte med Kalasjnikov maskingevær.

Costa del Sol

Målet for angrepet var ifølgje politiet 32 år gamle David Byrne, som var med i gjengen til ein Dublin-gangster som styrer verksemda si frå Costa del Sol i Spania.

Politiet sa tidleg at dette var den siste hendinga i ei langvarig feide mellom to av dei mest valdelege gjengane i Europa, som begge kjempar om kontrollen over narkotikatrafikken i den irske hovudstaden.

Drap i Dublin.

Drapet på ein 50 år gammal drosjesjåfør i Dublin sist måndag, var truleg del av krigen mellom to rivaliserande kriminelle gjengar i den irske hovudstaden.

Foto: Niall Carson / Ap

Den spanske storavisa El Pais skriv i dag at krigen mellom dei to organiserte kriminelle gruppene går føre seg også i Spania. Dei siste 15 åra er meir enn 100 personar drepne i oppgjer mellom dei to kriminelle nettverka.

Sist måndag får det britiske kringkastingsselskapet BBC ein telefon frå ein person som seier han representerer gruppa Continuity IRA, ei ytterleggåande gruppe som nektar å godta fredsavtalen i Nord-Irland.

Varsla fleire drap

Han gjer det klart at drapet var hemn for at David Byrne var involvert i drapet på ein person frå ei anna IRA-utbrytargruppe for fire år sidan, og at det vil kome fleire drap på «narkotikaseljarar og kriminelle».

Seinare same dagen ringde ein annan person inn til BBC og hevda å vere talsmann for Continuity IRA. Han sa at organisasjonen ikkje hadde noko å gjere med drapet på Byrne å gjere.

Dublin-politiet seier dei ikkje kan sjå bort frå noko i denne saka, men at dei framleis trur det blodige angrepet var ein del av mafiakrigen i underverda i Dublin.

Same kveld som BBC fekk dei to telefonane skjedde eit nytt brutalt drap i Dublin. Ei gruppe væpna menn tog seg inn i eit hus i den nordlege delen av byen og skaut og drap ein mann som budde i huset.

Ifølgje Dublin-avisa Irish Independent var mannen ein 50 år gammal drosjesjåfør, broren til ein av gangsterleiarane som kjempar om makta i Dublins underverd. Det høyrer med til historia at fleire av journalistane i denne avisa har fått drapstruslar etter dekninga av dei to drapa.

Bestillingsdrap

Drapet på David Byrne inne på Regency Hotel sist fredag var ifølgje El Pais bestilt av mannen som kontrollerer narkotikatrafikken i den nordlege delen av Dublin, ein mann som går under namnet «Munken».

I Irland er minst en person drept etter at flere personer begynte å skyte i en hotellvestibyle i Dublin.
Mennene skal ha vært kledd i politilignende uniformer, og var bevæpnet med automatvåpen.
Det skulle holdes et boksearrangement på hotellet i ettermiddag.

VIDEO: Politiet trur skyting på hotell i Dublin var hemnangrep.

50-åringen som vart drepen måndag kveld var broren til «Munken».

Mannen som styrer narkotikahandelen i den sørlege delen av Dublin, har ifølgje El Pais basen sin på Costa del Sol i Sør-Spania. Det er kjent at mange forbrytarar frå dei britiske øyane oppheld seg i dette området, som ofte blir omtalt i engelske aviser som «Costa del Crime».

Begge gjengane opererer både i Spania og Irland, og den siste opptrappinga i krigen starta i september i fjor. Då vart den 34 år gamle nevøen til «Munken», skoten og drepen i Marbella i Spania.

34-åringen leidde truleg den kriminelle aktiviteten til «Munken» i Spania, og gjengleiaren sverja hemn. Politiet trur drapet på Regency Hotel sist fredag var direkte hemn for drapet på nevøen til «Munken» i Spania i september i fjor.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt