Hopp til innhold

Horehus vert lovleg i Canada

Ein kanadisk rettssal bestemte måndag at bordellar og prostitusjon no skal bli lovleg i provinsen Ontario.

Canada Sex Trade Laws Terri-Jean Bedford; Nikki Thomas; Valerie Scott

Kvinnene som fekk i gong rettssaka om sexlovane i Ontario viser seg strålande nøgd etter at retten i dag gav dei støtte.

Foto: Aaron Vincent Elkaim / Ap

Dommen gjer at sexkjøp i heile provinsen no vert avkriminalisert. Men den vil ikkje tre i kraft før om 12 månader slik at parlamentet skal ha høve til å vurdere saka politisk.

– Effekten av dagens lovgiving gjer svært lite for å kjempe mot dei negative sidene ved gateprostitusjon, sa retten i samband med dommen.

Retten meiner eit forbod gjer det svært vanskeleg for dei prostituerte å sørgje for sin eigen tryggleik.

Tre kvinner engasjerte seg

Debatten i Ontario starta i 2009 då tre kvinner i Toronto utfordra Canada sine antiprostitusjonslovar. Dei argumenterte for at forbodet tvinger kvinner ut på gata, der forholda er mykje farlegare enn innandørs prostitusjon. Dei starta dermed ein kamp for å gjere bordellar lovlege for å skape eit tryggare miljø for kvinnene.

Advokaten til dei tre kvinnene vart svært overraska over at retten sa seg einig med kvinnene.

– Det er svært sjeldan at opplever støtte frå retten i ei slik sak, og eg opplever det som ein skarp kritikk mot måten det kanadiske parlamentet har behandla sexhandel.

– Sexarbeidarane vil bli tryggare, og samfunnet vil ikkje bli negativt påverka av denne avgjersla, konkluderte han.

Må overtyde befolkninga

Nikki Thomas er leiar for organisasjonen til dei kanadiske sexarbeidarane. Ho meiner det framleis er eit stykke å gå for å overtyde befolkninga om at avkriminalisering er den rette vegen å gå.

– Me må overtyde folk om at sexarbeidarar ikkje er farlege, og må ikkje bli betrakta som mindre verdt enn andre.

Ontario er den klart mest folkerike av Canada sine ti provinsar, og ligg ved grensa til USA. Det er difor ein stor potensiell marknad for sexturisme frå USA, dersom dommen vert ståande.

Bordellverksemd er lite utbredt i vestlege land. Nederland og Tyskland er dei landa i Europa der det er lovleg. I tillegg er det lovleg i nokre deler av Australia, og i delstaden Nevada i USA. I Asia er Thailand det landet som er mest kjend for bordellar.

SISTE NYTT

Siste nytt