Hopp til innhold

Hope Hicks blir Trumps nye kommunikasjonsdirektør

Den tidlegare Ralph Lauren-modellen blir den fjerde kommunikasjonsdirektøren i regjeringa til Trump.

Trump Aide Hope Hicks

TEK OVER ETTER SCARAMUCCI: Hicks har fungert i stillinga sidan Scaramucci fekk sparken, no har ho fått den. Ho blir den fjerde i rekka.

Foto: Carolyn Kaster / AP

28-åringen har fungert i stillinga sidan forgjengaren Anthony Scaramucci fekk sparken etter berre ti dagar.

Ho har vore ein del av «Team Trump» sidan starten, og blir rekna som ein av dei mest trufaste rådgjevarane den amerikanske presidenten har.

Som kommunikasjonsdirektør skal ho forme bodskapen Trump ynskjer å få fram i media, men samtidig ha ei meir anonym rolle enn det til dømes talskvinne Sarah Huckabee Sanders har.

Trump Aide Donald Trump, Hope Hicks

TRUFAST RÅDGJEVAR: Hope Hicks er ein trufast rådgjevar til Donald Trump. Ho var ein del av valkampstaben i starten, da det ikkje var så veldig mange andre. Dette bilde er frå oktober i fjor, under eit valkampbesøk i Moon Township, Pennsylvania.

Foto: Evan Vucci / AP

Hicks får gode skottsmål frå den første som hadde jobben som kommunikasjonsdirektør.

– Ho har ikkje eit ego som kjem i vegen for det overordna målet, som er å promotere agendaen til presidenten, seier Mike Dubke.

Mykje har skjedd sidan han trakk seg frå stillinga. Først tok pressetalsmann Sean Spicer over midlertidig. Men han gjekk av i protest da jobben gjekk til Anthony Scaramucci.

Sean Spicer om kjemiskevåpen

FLEIRE TABBAR: Sean Spicer hadde eit anstrengt forhold til pressekorpset. Ein gang hevda han at Hitler ikkje hadde brukt kjemiske våpen.

Turbulent i kommunikasjonsavdelinga til Trump

Om Spicer hadde eit anstrengt forhold til pressen, så skulle det gå frå vondt til verre med Scaramucci. Han fekk sparken etter berre 10 dagar.

Scaramucci hadde lova å få slutt på alle lekkasjane i administrasjonen. Men gjekk for langt da han gjekk amok mot eigne kollegaer i eit telefonintervju med ein reporter.

Det byrja med at han trua med å sparke heile staben sin, og enda med ein ordbruk, som førte til at amerikanske medium måtte åtvare lesarane sine.

Også stabssjef Reince Priebus vart skifta ut i den turbulente Scaramucci-perioden.

General John Kelly, som tok over etter Priebus, sparka Scaramucci som ein av sine første gjerningar i jobben.

«It» jenta

Hope Hicks cover

COVERBILDE: Hope Hicks hadde ei kort karriere som modell, her på framsida av ei bok.

Hope Hicks hadde ei kort karriere som modell, og ho pryda omslaget av ei bok kalla, «The It Girl».

Etter at ho flytta til New York arbeidde ho for eit reklamebyrå som var eigd av Ivanka Trump.

Frå der byrja ho å arbeide meir direkte med motemerket til Ivanka trump, heilt til faren rekrutterte henne som ein av dei første valkampmedarbeidarane sine.

Ifølgje The Daily Telegraph skal ho ha sagt til eit lokalt magasin at om ikkje modellkarrieren tok av, kunne ho tenkje å prøve seg i politikken.

SISTE NYTT

Siste nytt