Hopp til innhold

Homoskepsis kan koste polsk borgarmeister dyrt

Wielun/Opole, Polen (NRK): Byen Wielun har søkt om EØS-pengar for å bygge nytt symjebasseng, men fordi det er i ein «homofri sone» heng løyvingane i ein tynn tråd.

Symjebasseng Wielun

Symjebassenget i Wielun er stengt og ventar på EØS-midlar slik at det igjen kan kome i bruk.

Foto: Radosław Dimitrow / NRK

Sentralt i Polen ligg den vakre byen Wielun med sine 23.000 innbyggarar.

Det var den første byen som vart bomba av Luftwaffe i det som var startskotet på andre verdskrigen 1. september 1939.

81 år seinare har byen hamna i media sitt søkelys av heilt andre årsaker.

Den er ein av snart hundre byar, kommunar, fylke og provinsar som har erklært seg som sokalla «Lhbt ideologifrie soner» i Polen.

Lhbt er ei forkorting for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar.

Desse erklæringane er hovudsakleg symbolske, og eit grep politikarane tyr til for å sanke stemmer blant kristne og konservative veljarar.

Men no kan det få økonomiske konsekvensar.

Nytt symjebasseng kan bli ein saga blott

Byen har søkt om både EØS og EU-midlar for å bygge eit nytt symjebasseng.

Borgarmeister Paweł Okrasa viser stolt fram teikningane til NRK. Fjernvarme skal sikre miljøvennleg oppvarming.

Prislappen er på 85 millionar norske kroner.

Mayor

Borgarmeister Paweł Okrasa viser fram teikningane til det nye bassenget.

Foto: Radosław Dimitrow / Radosław Dimitrow

Men no heng prosjektet i ein tynn tråd, for det norske utanriksdepartementet har vedteke å ikkje gje støtte til dei Lhbt frie områda i Polen.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) slo i september fast at det å erklære seg som Lhbt-ideologifri, ikkje er i samsvar med å få pengestøtte gjennom EØS-midlane:

– Vi ynskjer å støtte opp om ein politikk for mangfald og fridom, og vi håper at Polen endrar politikken sin, sa Eriksen Søreide til NTB.

Polsk borgarmeister: – Dette er diskriminering!

Borgarmeister Okrasa i Wielun fortel NRK at han ikkje har tenkt å endre kurs, trass press utanfrå.

– Skulle det skje at norske eller EU-institusjonar byrjar ekskludere dei byane eller områda som har familievennlege erklæringar, vil det vere diskriminering. Det vil skape splid i Europa, og kan føre til at vi forlèt unionen. Vi kan framleis gjere forretningar med dei vi vil, slik som Noreg.

Han meiner kritikarane har misforstått kva det er som ligg i å erklære seg som ein Lhbt-fri sone. Han forklarar at det handlar ikkje om å vere mot homofile. Det handlar om å støtte sunne familieverdiar i ei tid desse er kome under press utanfrå.

Wielun symjebasseng

Symjebassenget i Wielun har sett betre dagar, no spøker det for renoveringa.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Lhbt-rørsle kan bli kasta ut

I nabobyen Opole møter vi leiaren for den einaste Lhbt rørsla i området. Maciej Kruszka er leiar for organisasjonen «Regnboge Opole», og leiger kontorlokale hjå kommunen.

Bystyret i Opole diskuterer no om dei skal erklære seg Lhbt-fri sone, noko som kan få konsekvensar for organisasjonen.

Maciej Kruszka

LHBT aktivist Maciej Kruszka meiner det er bra at det internasjonale samfunnet legg press på polske styremakter.

Foto: privat

For sjølv om dette hovudsakleg er symbolske erklæringar, kan det føre til at «Regnboge Opole» blir kasta ut av sitt kommunale kontor.

Maciej Kruszka er takksam for at norske styresmakter reagerer

– No ser vi at det blir reaksjonar og konsekvensar. Frå Noreg og frå EU. Den amerikanske presidentkandidaten Joe Biden har også teke det opp, og eg håpar dette presset held fram.

Lesbiske og homofile har lenge blitt trakassert i Polen på grunn av den politikken som Lov- og rettvisepartiet har ført i regjering.

SISTE NYTT

Siste nytt