Hopp til innhold

Homsemagasin: Pave Frans er årets person

USAs eldste magasin for homofile har kåra pave Frans til «årets person» på grunn av hans utsagn om at han ikkje vil dømme homoseksuelle. – Den nye paven er ikkje som den gamle, slår magasinet fast.

VATICAN-POPE-AUDIENCE

Hans uttalingar om at ein heller bør inkludere dei homofile, i staden for å ekskludere dei, har gjort til at USAs eldste homsemagasin kårar pave Frans til «årets person».

Foto: VINCENZO PINTO / Afp

– Om nokon er homofil og ønskjer å følge Herren og hans vilje, kven er eg då til å dømme, sa pave Frans under ein flytur frå Brasil til Roma, og med det kom han med nye toner frå Vatikanet (sjå klipp frå flyturen lengst ned i saka).

Sitatet gjekk verda over og la grunnlaget for at den nye paven vart kåra til årets namn av magasinet Time, og nyleg også av homsemagasinet «The Advocate».

– Pavens uttaling vart eit signal til katolikkar og verda elles om at den nye paven ikkje er slik som den gamle, skriv magasinet.

For pave Frans sin forgjengar, pave Benedikt, var særs kritisk til homofili, noko han også snakka omunder sin juletale for eitt år sidan, då han sa at menneske som tuklar med Gud sin kjønnsinndeling «øydelegg sjølve essensen ved mennesket».

– Menneske som motsetter seg tanken på at Gud har gitt dei ein kroppsleg identitet som er med på å definere dei som menneske, dei fornektar naturen, sa mellom anna den førre paven for eitt år sidan.

Pave Frans har endå ikkje sagt noko om den katolske kyrkja støttar homofilt ekteskap, men «The Advocate» viser til at uttalingane frå paven allereie har skapt debatt innad i den katolske kyrkja.

– Anten du likar det eller ikkje. Det han seier utgjer ein skilnad, skriv magasinet.

Paven har lagt vekt på at den katolske kyrkja meiner at homoseksuell praksis er synd, men at ikkje homoseksuelle drifter og tanker er det.

– Homofile bør ikkje støtast ut av samfunnet, men bli integrert i samfunnet, har paven sagt, samstundes som han omtala homofile som «brødre».

For dei fleste forkjemparane for rettane til homofile, lesbiske, bifile og transpersonar er det framleis eit stykke att til paven er heilt einig i det dei krever, men pavens nye toner er altså nok til å bli årets person hos homsemagasinet «The Advocate».

– Hvis noen er homofil og han søker Gud med de beste intensjoner, hvem er jeg da til å dømme? sa en åpenhjertig pave da han møtte pressen i flyet på vei fra Rio.

SISTE NYTT

Siste nytt