Hopp til innhold

Forakt for Kongressen kan sende justisministeren i USA i fengsel

Ikkje sidan 1998 har eit regjeringsmedlem i USA fått så alvorlege skuldingar mot seg frå Kongressen.

Fast and Furious Darrell Issa

Republikanaren Darrell Issa har stått i spissen for høyringane mot justisministeren, som så langt ikkje har gitt tilfredsstillande svar om våpensmuglingskandalen.

Foto: Susan Walsh / Ap

Granskingskomiteen i Kongressen, med republikanaren Darrell Issa i spissen, fekk i går nok. Etter å ha venta over eit år på viktige dokumentar som kan belyse kva som eigentleg skjedde under «Fast and Furious»-skandalen, som så langt har kravd hundrevis av menneskeliv, slår dei fast at justisminister Eric Holder har vist forakt for retten.

Avgjersla var først teken i granskingskomiteen, og skal no gå til avstemming i plenum i Kongressen om ei veke.

– Dersom Holder ikkje ombestemmer seg og gir oss dokumenta, slik som han før har lovd, vil fleirtalet i Kongressen stemme for at han har vist forakt for Kongressen.

Teoretisk moglegheit til fengsel

Fast and Furious Eric Holder

Obama sin justisminister, Eric Holder, har heile tida nekta for å ha kjennskap til Fast and Furious-skandalen.

Foto: J. Scott Applewhite / Ap

Med eit republikansk fleirtal i Kongressen, og eit nært kommande presidentval, er det liten grunn til å tvile på at denne avstemminga går i hamn.

Førre gong denne praksisen var nytta mot eit regjeringsmedlem var i 1998, då justisministeren til Bill Clinton, Janet Reno, ikkje gav ut dokumentar i samband med riksrettssaka mot Clinton. Saka vart etter kvart løyst før det gjekk rettens veg.

Men kva konsekvensar denne saka ha for justisminister Eric Holder?

Forakt for Kongressen er ei alvorleg skulding, og kan i teorien føre til at han må bak lås og slå. Men det er lite sannsynleg. Berre eit dusin personar er stilt for forakt for Kongressen sidan 1975, men berre ein av dei har hamna i fengsel.

Kongressen har i teorien makt til å sende styrker heim for å arrestere Holder. Men det ville ha vore så øydeleggjande for samarbeidet mellom republikanarane og demokratane, at det er høgst usannsynleg at noko slikt vil skje, skriv Christian Science Monitor.

Avviser skuldingane

Eric Holder befinn seg i dag i eit møte i Københamn. Han avvisar beslutninga frå Kongressen som unødvendige, ifølgje Reuters.

– Beslutninga til kongresskomiteen var utidig, unødvendig og utan presedens.

Han sa vidare at han framleis har tru på at konflikten med Kongressen kan bli løyst på basis av forslaget til administrasjonen, utan å gi fleire detaljar.

Holder har heile tida benekta at han kjente til våpenskandalen før den vart kjend i media.

Kan dryge i lang tid

Det vil setje eit stort press på Obama-administrasjonen, men det vil likevel vere mange måtar for administrasjonen å utsetje rettargongen på. Det kan ta svært lang tid før saksbehandlinga blir fullført, og då er det ein god sjanse for at Obama ikkje lenger er president, og/eller Eric Holder er blitt bytta ut.

Barack Obama seier at dei ikkje vil levere ut dokumenta av omsyn til konfidensielle etterretningsoperasjonar. Det er første gong Obama har nytta denne retten for å nekte å utlevere offentlege dokumentar.

Men «Fast and furious»-saka er ei stygg sak. Dersom det viser seg at Obama-administrasjonen har blod på henda ved å vere involvert i våpensmuglinga, kan konsekvensane bli store.

Nokon samanliknar saka med Watergate-skandalen på 1970-talet. Men den kan like godt døy ut i ei evig saksbehandling.

SISTE NYTT

Siste nytt