Høgste smittetal nokosinne i USA – Det kvite hus skryter av eige arbeid

USA har no dei høgste smittetala nokosinne og dødstala stig. Og Det kvite hus skryter av arbeidet for å stansa pandemien.

Sykepleiere i arbeid på en teststasjon for koronasmitte i El Paso i Texas 27. oktober 2020

REKORDSMITTE: Sjukepleiarar i arbeid på ein teststasjon for koronasmitte i El Paso i Texas. 12 delstatar sette smitterekord denne veka.

Foto: PAUL RATJE / Reuters/NTB

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

For første gong er det registrert over 90.000 nye koronatilfelle på eitt døgn i USA. Over 1000 døyr kvart døgn og stadig fleire må på sjukehus. I fleire vippestatar er tala eldraude.

Dei høgste smittetala nokosinne kjem mindre enn ei veke før presidentvalet 3. november.

Men Det kvite hus skryter no av president Donald Trump og måten han har handsama koronapandemien. Punktet står på topp av lista over kva president Trump har oppnådd i den første perioden sin.

I det fyrste punktet står det at dei har stansa pandemien, men Det kvite hus innrømmer overfor CNN at det var klønete formulert. Dei har difor presisert at dei har rette opp dette punktet og no heiter det at det er arbeidet for å stansa pandemien dei meinte å skryte av.

Donald og melania Trump går ned flytrappen på Andrews flybase på vei hjem fra en tre dager lang valgturne til flere vippestater.

HEIMVEG: President Donald Trump og kona Melania går ned flytrappa på Andrews flybase på veg heim frå ein tre dagar lang valturné til fleire vippestatar.

Foto: JONATHAN ERNST / Reuters/NTB

91.295 nye tilfelle

Det siste døgnet er det registrert 91.295 nye koronatilfelle i USA, viser tal frå Johns Hopkins-universitetet. Det er fyrste gong døgntalet er over 90.000. I førre veke vart det registrert 84.000 nye tilfelle.

Talet på smittetilfelle totalt nærmar seg 9 millionar, og gjer USA til det hardast ramma landet i verda.

For tredje gongen i oktober er dødstalet igjen over 1000 på eitt døgn. 229.000 liv er tapte så langt under pandemien i USA.

Også talet på sjukehusinnleggingar går i vêret i fleire statar, melder Reuters. 46.000 amerikanarar er innlagde på sjukehus. Det er over 50 prosent fleire enn månaden før.

12 delstatar med høgste smittetala nokosinne

Sjølv om Trumps folk skryter av presidentens merittliste, innrømmer innsatsgruppa i Det kvite hus at nasjonen «går i feil retning». Gruppa åtvarar om at den vedvarande høge spreiinga krev aggressiv handling for å snu trenden.

Torsdag vart det registrert dei høgste smittetala for 12 delstatar: Illinois, Indiana, Maine, Michigan, Minnesota, Missouri, Nebraska, New Mexico, Nord-Carolina, Nord-Dakota, Ohio og Oregon. Fleire av desse hardast ramma er viktige vippestatar som kan avgjere om president Donald Trump får avløysing av Joe Biden.

Butikkar fjernar skytevåpen

Manga stader er det stor uro for bråk og vald medan oppteljinga etter valdagen går føre seg.

I natt kom og meldinga om at den amerikanske butikkjeda Walmart har fjerna skytevåpen og ammunisjon frå butikkane sine for å beskytte tilsette og kundar.

Kjeda gjer dette i forkant av valet i frykt for at tilgang på våpen kan utløyse valdelege handlingar.

Instagram vil stoppe falske valtal

Bildedelingstenesta Instagram annonserte i natt at dei gjer endringar i bildedelinga si for å hindre spreiing av falske resultat om presidentvalet. Selskapet fortel at dei har fjerna fana «nyleg» midlertidig for brukarar i USA. Hensikta er å hindre spreiing av falskt og skadeleg innhald medan oppteljinga skjer.

Laster Twitter-innhold

Valkampinnspurt

Begge dei to presidentkandidatane heldt torsdag veljarmøte i Florida: Presidenten på eit stort møte i friluft i Tampa, medan Joe Biden talte på eit møte i same by der tilhengjarane sat i bilane sine. Biden kom til Tampa i følgje med sonedottera Nathalie Biden.

Joe Biden og Nathalie Biden

Joe Biden kom til den viktige vippestaten Florida i følgje med barnebarnet Nathalie Biden.

Foto: Andrew Harnik / AP/NTB

Florida er viktig for begge kandidatane. I 2016 vann Trump delstaten med 1,6 prosent av stemmene føre Hillary Clinton. Dersom Trump ikkje vinn denne delstaten, spår dei fleste analytikarane at han vil tape valet fordi det vert vanskeleg for han å nå målet om 270 valmannsstemmer utan dei 29 utsendingane frå Florida.

Torsdag kveld måtte Trump avlyse eit planlagt veljarmøte i Fayetteville i Nord-Carolina på grunn av den tropiske stormen «Zeta». I staden helste han på soldatar på militærbasen Fort Bragg, før han og kona vende heim til Washington DC. Veljarmøtet i Fayetteville er utsett til måndag.

  • Saka er oppdatert klokka 8.30 der NRK presiserer at Det kvite hus innrømmer overfor CNN at eit punkt om at Trump skulle ha stansa pandemien var klønete formulert. Dei har difor presisert at dei har rette opp dette punktet og no heiter det at det er arbeidet for å stansa pandemien dei meinte å skryte av.

Les og:

Alt om presidentvalget i USA

Presidentvalget kort forklart

3. november 2020 velger USA sin neste president. President Donald Trump stiller til gjenvalg for Republikanerne. Joe Biden stiller som presidentkandidat for Demokratene. Rekordmange amerikanere stemmer via post i år, og vi vet ikke når resultatet blir klart. Trump sier han ikke stoler på poststemmene. Samtidig mener Demokratene at man skal bruke lenger tid enn vanlig på å telle opp nettopp disse. Mange frykter kaos i ukene etter valget. Hva skjer om Trump ikke aksepterer et nederlag?
Grupper som Proud boys og Antifa har fått mye oppmerksomhet den siste tiden. Den ekstremistiske hatgruppen Proud boys jublet da president Donald Trump sa «stand back and stand by» i den første presidentdebatten. Samtidig forbereder Boogaloo bois seg på borgerkrig, mens medlemmer av Antifa på venstresiden er villige til å bruke vold i kampen mot rasister og fascister. Kan valget utløse en krig mellom disse gruppene? Og er de farlige?
3. november 2020 velger amerikanerne sin neste president. Donald Trump stiller til gjenvalg for Republikanerne. Joe Biden stiller som presidentkandidat for Demokratene. Ved forrige presidentvalg vant Trump til tross for at Hillary Clinton fikk flest stemmer. Hvordan kan det skje? Her er to ting du må vite for å forstå USA-valget.

SISTE NYTT

Siste nytt