Hopp til innhold

Togførar omkom - lastebilsjåfør sikta for aktlaust drap

Togføraren miste livet og 25 andre vart skadde då ein lastebil kolliderte med eit passasjertog like ved den italienske byen Brindisi i dag.

Tog mot lastebil i Italia.

Lastebilen vart fullstendig øydelagt i samanstøyten med toget.

Foto: Max Frigione / Ap

Togulukke i Italia.

Fronten på toget er fullstendig knust etter å ha køyrt inn i ein lastebil.

Foto: Max Frigione / Ap

Dei fleste fekk berre lettare skadar, men 13 er innlagde på sjukehus etter ulukka. To av dei har hovudskadar, medan fleire har fått skade i nakken.

Føraren av lastebilen, ein 26 år gammal mann frå Romania, er arrestert og sikta for aktlaust drap. Ulukka skjedde då lastebilføraren prøvde å kome seg over jernbanelina før bommen gjekk ned. Sjølv kom føraren seg ut av lastebilen før han vart treft av toget.

Høgfartstoget var på veg frå Roma til Lecce. Jernbaneselskapet, Ferrovie dello Stato, har sett ned ein granskingskommisjon.

Togulukke nær Brindisi i Italia.

Fleire vogner bakover i toget fekk også store skadar.

Foto: VITO ZIZZI / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt