NRK Meny
Normal

Fryktar at uroa skal blussa opp att under London-karneval

Britane er nervøse for nye urokråker og opptøyar i London. Under Notting Hill Karnevalet måndag er politiberedskapen i den britiske hovudstaden rekordhøg.

Styresmaktene tek ingen sjansar etter dei kraftige opptøyane i London og fleire andre britiske byar tidlegare denne månaden.

Heile 6500 politifolk vaktar Londons gater under det to dagar lange Notting Hill Karnevalet som starta søndag.

London på tå hev

Det er venta at minst ein million menneske vil ta turen til metropolen for å få med seg karnevalet som årleg fyller bydelen Kensington og Chelsea med sambarytmar og fargesprakande fjørhamar.

Britiske styresmakter fryktar at valden og det omfattande herverket som braut ut i London den 07.august skal blussa opp att når store folkemengder no stimlar seg saman.

Under uroa vart nærare 3000 menneske arresterte av britisk politi. Av desse vart 1000 sikta.

Rekordmange politifolk er hyra inn og politisjefane har lansert ein «robust» strategi ved å blant anna utføra meir enn 40 førebyggjande arrestasjonar.

– Fleirtalet elskar byen sin

Londons borgermester Boris Johnson

Borgarmeister i London, Boris Johnson vil visa byen frå si beste side.

Foto: ADRIAN DENNIS / Afp

Politiet og tilskiparen av karnevalet har også vorte samde om å avslutta tilstellinga på eit tidlegare tidspunkt enn vanleg for å tømma gatene og hindra bråk når nattemørkret senkar seg.

Borgarmeisteren i London, Boris Johnson, vonar at karnevalet vil bidra til å lækja såra etter opptøyane.

– Karnevalet må gå sin gang slik at me kan visa verda at det absolutte fleirtalet av innbyggjarane i London er sømelege, lovlydige borgarar som respekterer lova, elskar byen sin og som ønskjer å feira denne pulserande, mangfaldige og historiske tradisjonen vår, seier Johnson til Sky News.

Fredeleg start

Ifølgje Sky News starta karnevalet fredeleg søndag, med meir enn 5500 politifolk i gatene.

Mellom klokka 6 og 20 vart 53 personar arresterte i London for ulike lovbrot som blant anna innehav av narkotika, forstyrring av offentleg orden, herverk, tjuveri, ran og overfall.

– På måndag vil me ha ein enno større tropp i beredskap. Politiet vil ta hand om dei rette folka, slik at alle andre kan ta del i moroa, seier operasjonsleiar Steve Rodhouse til fjernsynskanalen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt