Onsdag slapp prins Harry og hertuginne Meghan nyheita om at dei seier frå seg sine kongelege plikter og flyttar til Canada.
Heilt utan å rådføre seg med dronning Elizabeth eller prins William, melder fleire britiske medium.
Dagbladet-journalist Inger Merete Hobbelstad har skrive bok om den britiske kongefamilien. Ho trur hertugen og hertuginna av Sussex raskt kan bli skulda for å profittere på bindinga si til kongehuset når paret skal bli økonomisk uavhengig.
– Det er svært vanskeleg for folk som er såpass kongelege å finne seg eit vanleg yrke eller ein vanleg inntektskjelde. Dei fleste kongelege som har måtte gjere det har gjort det i det militære, som har vore rekna som ein akseptabel livsveg, seier ho.
Det er heller ikkje billig å vere kongeleg:
– Det er svært høge kostnadar rundt berre det å vere prins Harry, mellom anna for det han, barnet og kona har livvakter døgnet rundt, seier Hobbelstad.
SJELDAN: Forfattar og journalist Inger Merete Hobbelstad er overraska over måten Harry og Meghan vel å trekke seg tilbake på.
Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix– Eit ganske drastisk steg
Prins Harry og hertuginna som tidlegare gjekk under namnet Rachel Meghan Markle sitt samliv og virke har hatt stort fokus i den britiske tabloidpressa sidan dei på hausten i 2017 kunngjorde at dei skulle gifte seg.
At hertugen og hertuginna av Sussex no trekker seg frå sine kongelege oppgåver og jobbar mot å bli økonomisk uavhengige er høgst uvanleg, fortel Hobbelstad.
– Det er eit ganske drastisk steg. Det har nok aldri skjedd før at nokon som er i så nær slektskap med sittande monark og komande monark snakkar om å plassere seg i den grad på utsida av kongehuset, og som ikkje minst snakkar om å gjere seg økonomisk uavhengig, seier ho
Trur tydelegare meiningar kan føre til fleire kontroversar
Ifølgje Hobbelstad blir det antyda det at paret kjem til å gjere dei progressive haldningane sine meir synlege gjennom ein eller anna form for velgjerande organisasjon.
– Etter mange månadar med refleksjonar og interne diskusjonar har vi kome fram til at vi vil starte året med å forme ein ny progressiv rolle innan institusjonen, skriv Prins Harry og hertuginna på Instagram.
Hobbelstad peiker på at Markle sine meiningar har skapt kontrovers tidlegare sidan kongelege i prinsippet skal stå fram som politisk nøytrale.
– Sjølv om mange er einige i det ho meiner, så er det ikkje uproblematisk å vere aktivist samtidig som ein skal vere ein kongeleg som representerer alle britar, som er noko dei framleis kjem til å vere til ein viss grad, seier Hobbelstad.