Hopp til innhold

Sjøløva Cronutt kurert for epilepsi – vil finne ut om metoden kan hjelpe menneske også

Sjøløva har slite med epilepsi i fleire år, men etter å ha fått transplantert hjerneceller frå eit grise-embryo vart han frisk. Forskarar vil finne ut om dette kan virke på menneske også.

Sjøløva Cronutt

EPILEPSI-KURERT: Sjøløva Cronutt saman med sjefen for Six Flags Discovery Kingdom i California, Dianne Cameron.

Foto: Christie Hemm Klok / NYT

Cronutt har slite med hyppige og alvorlege epileptiske anfall sidan han kom til underhaldningsparken Six Flags Discovery Kingdom i California, USA i 2017.

Dette gjorde han forvirra og skjelven, skriv National Geographic.

Helsa hans vart dårlegare.

Til slutt klarte ikkje Cronutt å ete, noko som gjorde at han raste ned i vekt, og hausten 2020 var tilstanden alvorleg.

Veterinæren Claire Simeon og kollegaane hennar prøvde fleire behandlingar, men ingenting hjelpte.

– Tida rann ut og vi måtte gjere noko, seier Simeon til National Geographic.

Hjerneceller frå eit grise-embryo

Som eit siste forsøk kontakta ho forskaren, Scott Baraban ved Universitetet i California.

Han har i fleire år forska på epilepsiterapi der han transplanterer hjerneceller frå grise-embryoa inn i hjernen på mus.

Hos mus har transplantasjonen klart å stoppe epileptiske anfall og rette opp att reduserte kognitive og fysiske evner.

Baraban sa ja til å prøve dette på Cronutt, og i oktober 2020 blei han operert.

Over eitt år etter operasjonen har ikkje Cronutt hatt eit einaste anfall, seier Scott Baraban til National Geographic.

Appetitten er tilbake og vekta er normal. Han lærer stadig nye ting og har blitt meir sosial.

– Eg trur han føler seg bra, seier Baraban, som besøker sjøløva regelmessig.

– Eg kunne ikkje vore meir nøgd med utviklinga hans så langt.

Les også:

Kva er epilepsi?

Epilepsi er ei funksjonsforstyrring i hjernen.

– Kort forklart er det ein ukontrollert aktivitet i nervecellene, seier doktorgradsstipendiat og lege ved nevrologisk avdeling på Rikshospitalet, Toni Berger.

Han forklarar at ein av ti får eit epileptisk anfall i løpet av livet, men epilepsi har du viss dei epileptiske anfalla gjentar seg.

Lege og phdstipendiat Toni Berger

Toni Berger forskar på korleis epilepsi oppstår. 

Foto: Kjell Heuser / Rikshospitalet

Tal frå FHI viser at minst 65 millionar menneske i verda lever med sjukdommen. I Noreg har rundt 45.000 menneske epilepsi, ifølgje epilepsiforbundet.

To tredelar har effekt av dagens behandling mot epilepsi i Noreg.

Det er som oftast medisinar som dempar anfalla, medan rundt ein tredel ikkje er nøgd med den behandlinga, fortel Berger.

– For menneske som dagens medisin ikkje fungerer for, har ein lenge lurt på kva ein kan gjere, seier Berger.

Det kan vere ein veg å gå.

Den type epilepsi som sjøløva Cronutt har, heiter for temporallappepilepsi, og er mest vanleg blant vaksne menneske, seier Berger.

Det som skjer i den type epilepsi er at dei rolege nervecellene dør, og i den behandlinga som sjøløva har fått har forskarane prøvd å erstatte desse døde nervecellene med noko nye.

– Eg synast det er spennande og veldig relevant. Det er ein veg å gå, men det er mange utfordringar, forklarar han og legg til:

– Problemet med å injisere nerveceller, er å få dei til å gå dit dei skal vere.

Menneske har 100 milliardar nerveceller og dei snakkar med kvarandre i eit nettverk.

Han forklarar vidare at epilepsi har øydelagt dette nettverket. Så spørsmålet er om desse nye cellene kan integrerast i det øydelagde nettverket.

– Det er spennande tema, men det er ein tidleg fase med mange utfordringar.

SISTE NYTT

Siste nytt