Hopp til innhold

Hjelpeskip har frist til midnatt

Israelske styresmakter har gitt eit skip med hjelpesendingar på veg til Gazastripa frist til midnatt med å endre kurs og gå til Egypt.

Det moldoviske lasteskipet "Amalthea".

'Amalthea' er på veg frå Lavrion i Hellas til Gazastripa med hjelpesendingar.

Foto: JOHN KOLESIDIS / Reuters

Det moldovske lasteskipet «Amalthea» er chartra av ein libyisk organisasjon, som har lasta om bord store mengder mat, medisinar og hjelpeutstyr i den greske byen Lavrion.

LES OGSÅ: Hjelpeskip går likevel mot Gaza

LES OGSÅ: - Har omdirigert Gaza-skip

Radiokontakt

Ein talsmann for den libyiske organisasjonen seier at den israelske marinen tok kontakt med skipet over radioen. Her vart det gjort klart at skipet kjem til å bli stansa om det går mot Gazastripa, og at fristen for å endre kurs er midnatt natt til onsdag.

Israel ber skipet gå til den egyptiske hamnebyen El-Arish på Sinaihalvøya, ikkje langt frå grensa mellom Egypt og Gazastripa, og så ta hjelpesendingane inn over land frå Egypt.

Talsmann for den libyiske organisasjoen, Mashallah Zwei, seier at Israel har fått beskjed om at dei vil diskutere saka og gi eit svar seinare. Andre meldingar går ut på at dei alt har gjort det klart at det ikkje er aktuelt å endre kurs.

LES OGSÅ: Israel vil ikke beklage bording

LES OGSA: Iransk skip til Gaza er avlyst

Starta førebuingar

Ein talsmann for den israelske marinen seier at dei har starta førebuingar til å hindre skipet i å nå Gazastripa. Det er venta at skipet vil nå fram til farvatnet utanfor Gazastripa i løpet av onsdag.

Israel har innført full blokade blokade av Gazastripa for å hindre at det islamistiske Hamas-regimet får inn våpen.

Etter at sju tyrkiske aktivistar vart drepne då israelske styrkar borda eit tyrkisk hjelpeskip for ein og ein halv månad sidan, har Israel letta på blokaden av Gazastripa når det gjeld matvarer og ein del andre varer.

Den libyiske hjelpeorganisajonen ber namnet til eineherskaren i landet, Moamar Gaddafi, og blir leidd av ein av sønene hans.

LES OGSÅ: Israel med ny krigsdoktrine for Gaza

LES OGSÅ: Midtøstenkvartetten roser blokadevedtak

SISTE NYTT

Siste nytt