Ennå kjem hjelpa fram dei fleste stader. Ennå får dei fleste flyktningleirane mat og medisinar.
Det siste året er det levert over to millionar tonn av det til Darfur, men oppgåva med å få inn foryningane er blitt umåteleg tung, etter kvart som det er blitt vansklegare å skille mellom militære styrkar og reine bander.
Militsen spreier seg nærast ved celledeling, der alle tilsynelatande krigar mot alle. I følgje FNs spesialutsending, svenske Jan Eliasson, er dei ni gruppene han hadde oversyn over for tre veker sidan nå blitt til 12. Om eit par nye veker kanskje 15?
Da er hjelpeorganisasjonane plutseleg eit nærliggande og freistande mål. Det er dei som har mat, kjøretøy, pengar og kommunikasjonsutstyr - alt det ei væpna gruppe treng.
Tilbake sit fire millionar
Derfor spreier valden og lovløysa seg med daglege kidnappingar, valdtekter, væpna ran og tidvis drap, utført av dei bandittane som dei væpna gruppene i Darfur har utvikla seg til.
Fleire stader har hjelpearbeidarane ikkje hatt anna val enn å evakuere for å berge eige liv. Enda fleire tel på knappane. Og tilbake sit fire millionar menneske som er avhengig av hjelpa deira, og den beskyttelsen som dei gir.
En av soldatene fra den afrikanske union på patrulje i Darfur.
Foto: RAMZI HAIDAR / AFPMinst 200.000 menneske er drepne i den vel fire år lange konflikten i Darfur. To og ein halv million menneske er på flukt i sitt eige land. Darfur er på storleik med Frankrike, og den humanitære aksjonen der med 14000 hjelpearbeidarar er den største i verda.
Dersom hjelpearbeidet bryt saman, seier FN, får vi ein ny dødsbølgje. Opp till 100.000 menneske i månaden.
Starta i 2003
Tragedien starta i 2003, da opprørsgrupper av småbønder reiste seg etter tiår med undertrykking og mangel på hjelp mot tørke.
Sudans President Omar Hassan al-Bashir utstyrte den blodige militsen.
Foto: MOHAMED NURELDIN ABDALLAH / REUTERSSvaret fra president al-Bashir var brutalt. Han utstyrte sin eigen lokale milits og let den herje vilt; stele, drepe, torturere, valdta, og brenne ned hus og utslette landsbyar.
Dobbel dose for eit folk som alt var meir enn hardt prøva av tørke og svolt.
Ein fredsstyrke på 7000 mann frå andre afrikanske land blei sendt inn under ein dårleg fundert våpenkvile i 2004. Mandatet var å overvake og rapportere om brot på våpenkvila, men ikkje hjelpe folk.
Styrken har vore dårleg utstyrt, dårleg motivert, tidvis ikkje betalt og har nærast stått som handlingslamma vitne til det president Bush har kalla folkemord. Det er liten usemje om at skyld og ansvar ligg i Khartoum.
Men kraftig internasjonal kritikk mot regjeringa der og truslar om strengare sanksjonar har så langt prella av. Ingen ser ut til å ha det rette inntaket til regimet. Unntaket er Kina, som er taus.
Kinesarane kjøper to tredelar av oljeproduksjonen til Sudan og investerer meir i landet enn noen andre.
Kina kan påverke det sudanske regimet. Det veit aktivistane, som vil bruke BeijingOL for alt det gir av merksemd og høve til å knytte Kina til Darfur.
Ja til fellesstyrke
I mellomtida har altså Sudan tatt eit diplomatisk stikk ved å seie ja til ein fellesstyrke på 23.000 soldatar og politi frå FN og den afrikanske union.
I morgon skal utsendingar frå FN kome til Khartoum for å drøfte detaljane. Sudan har sagt ja og lovt samarbeid før, utan resultat. Og USA er så skeptisk også nå at det held fram førbuinga av nye straffetiltak.
Det går an å håpe at regjeringa i Khartoum nå har sett ansvaret sitt for den galopperande katastrofen i Darfur.
Det går an å tru at president Bashir meiner alvor når han denne gongen vil la FN vere med og gjøre Darfurstyrken stor og effektiv. Og at han ser at det er viktigare å stanse den menneskelege lidinga enn å redde misforstått politisk prestisje.
Kanskje har han bare kjøpt seg tid, men det går an å håpe.
Flyktninger i en leir i byen Nyala i Darfur.
Foto: MUSTAFA OZER / AFP